Brot i lønsoppgjeret i staten

Tysdag 30. april blei det brot i forhandlingane mellom staten og hovudsamanslutningane om årets lønsoppgjer. Oppgjeret går no til mekling hos Riksmeklaren.

Staten og hovudsamanslutningane blei ikkje einige om ein felles hovudtariffavtale og heller ikkje om den økonomiske ramma.

– Vi er skuffa over at det ikkje har vore mogleg å kome fram til ei løysing ved årets lønsforhandlingar. For staten har det vore viktig at partane kan einast om ein felles hovudtariffavtale, og at vi held oss innanfor frontfagramma, seier Karianne Tung, digitaliserings- og forvaltningsminister (Ap).

I år er det eit hovudoppgjer der partane i staten forhandlar om økonomi og om alle elementa i hovudtariffavtalane. Hovudkravet frå staten har vore ein felles hovudtariffavtale for det statlege tariffområde. Dette er viktig for å hindre utilsikta lønsforskjellar for tilsette i same stillingsgrupper i staten. Ein avtale er også viktig for at verksemdene i staten skal kunne handtere den lokale lønspolitikken på best måte.

Partane skal no møtast til mekling hos Riksmeklaren 2. mai, og fristen for meklinga er 23. mai ved midnatt.

Statens personaldirektør, Gisle Norheim, forhandlar på vegner av staten. Motpartar er representantar for hovudsamanslutningane Akademikerne, LO Stat, Unio og YS Stat.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 20 00