Staten og Akademikerne, LO Stat, Unio og YS Stat blei ikkje einige i forhandlingane om nye hovudtariffavtalar.

–  For staten har det vore viktig at partane kan einast om likelydande hovudtariffavtalar. Det har ikkje vore mogleg å komme fram til ei løysing om det ved årets lønsforhandlingar, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

Lønsoppgjeret i 2026 er eit hovudoppgjer der partane i staten forhandlar om økonomi og om alle elementa i hovudtariffavtalane. Hovudkravet frå staten har vore likelydande hovudtariffavtaler for det statlege tariffområde. Likelydande hovudtariffavtaler er viktig for å hindre utilsikta lønsforskjellar for tilsette i same stillingsgrupper i staten. Likelydande avtale er også viktig for at verksemdene i staten skal kunne handtere den lokale lønspolitikken på best måte.

Partane skal no møtast til mekling hos Riksmeklaren 7. mai. Fristen for meklinga er 28. mai ved midnatt.

Statens personaldirektør, Bente Johanne Kraugerud, forhandlar på vegner av staten. Motpartar er representantar for hovudsamanslutningane Akademikerne, LO Stat, Unio og YS Stat.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 20 00