Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Budsjettkonferanse ved Hurdalssjøen

Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2020 med budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell tysdag 19. mars til og med torsdag 21. mars. I samband med oppstarten av konferansen vil det bli ei kort presseorientering og fellesfoto av regjeringa.

Fotografar og journalistar som ønskjer å delta må akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no innan mandag 18. mars kl. 10.00. Bilnummer på køyretøy må meldast inn samtidig. Pressefolk som kjem til Hurdalsjøen hotell må ta med pressekort og godkjent id.

Foreløpig program 19. mars:

Statsrådane møter opp frå kl. 09.00.

Ca. kl. 09.20: Pressemøte med statsminister Erna Solberg, finansminister Siv Jensen, kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande og landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad.

Ca. kl. 09.40: Fellesfoto av regjeringa.

Deretter blir det høve til å fotografere ved oppstarten av budsjettkonferansen (bare for fotografar). Fotografane blir følgde ut etter at statsministeren har helsa velkommen.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post tm@smk.dep.no.

Til toppen