Historisk arkiv

Bustadmeldinga 2013

Byggje – bu – leve

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Me treng fleire bustader i Noreg. Difor vil regjeringa gjere byggjeprosessane enklare og raskare. Samstundes vil regjeringa bidra til at dei som har varige bustad- og finansieringsproblem, får ein god og trygg bustad.

Me treng fleire bustader i Noreg. Difor vil regjeringa gjere byggjeprosessane enklare og raskare. Samstundes vil regjeringa bidra til at dei som har varige bustad- og finansieringsproblem, får ein god og trygg bustad.

Staten skal ikkje styre kor mange bustader som skal byggjast, eller kor høge bustadprisane skal vere. Men staten har et ansvar for å lage gode rammer for bustadbygginga. 

- Vår oppgåve er å leggje til rette for at bygging kan skje på ein best mogleg måte. I tillegg skal me hjelpe dei som ikkje klarar seg på bustadmarknaden på eiga hand, seier statsråd Navarsete.

Det er eit bustadpolitisk mål at alle skal bu godt og trygt. Det må byggjast nok bustader og dei må ha god kvalitet. Regjeringa vil ha enklare og raskare prosessar i bygginga – frå plan til ferdig bustad. Bustadplanlegginga i og rundt dei store byane skal også bli betre.

Folk skal kunne etablere seg trygt i både eigd og leigd bustad. Startlånet skal gjere det mogleg for også dei med langvarige bustad- og finansieringsproblem å kjøpe seg ein bustad. For mange er det å leige det beste alternativet. Regjeringa vil difor gje leigarar tryggare buforhold og stimulere til meir bustadutleige.

Å bu godt og trygt er viktig for velferda vår og for at vi skal kunne ta del i samfunnet. Dei som ikkje får dekt bustadbehova sine, skal få hjelp. Regjeringa varslar ein ny nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid.

– Vi har både kunnskapen, viljen og verkemidla som trengst for å auke innsatsen overfor dei som sit nedst ved bordet. Vi skal gjere meir av det vi veit gjev resultat, seier Navarsete.

Føresetnadene for å møte utfordringane i bustadmarknaden er gode. Lovverket og dei økonomiske ordningane tek vare på innbyggjarane sine interesser på marknaden. Samstundes har kommunane handlingsrom til å føre ein lokalt tilpassa bustadpolitikk.

– I tillegg har vi godt fungerande etatar som Husbanken, Direktorat for byggkvalitet og Husleigetvistutvalet. Etatane har vist omstillingsevne i åra som har gått, og eg er trygg på at dei evnar å møte morgondagens behov, fortel Navarsete.

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.