Historisk arkiv

Bustadmeldinga 2013

Regjeringa vil gjere startlånet til eit betre og tydeligare verkemiddel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa vil ta fleire grep for å gjere startlånsordninga til eit betre og tydelegare verkemiddel. - Vi må vere tydelege på kven som kan få startlån. Målgruppa er dei som har langvarige bustad- og finansieringsproblem, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil ta fleire grep for å gjere startlånsordninga til eit betre og tydelegare verkemiddel. - Vi må vere tydelege på kven som kan få startlån. Målgruppa er dei som har langvarige bustad- og finansieringsproblem, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

– Startlånet er ikkje ei ordning for dei som kan spare nokre år før dei får kjøpt seg ein bustad. Me skal hjelpe dei som fell utanfor, seier Navarsete, som no vil sjå nærare på korleis regjeringa betre kan sikre at ordninga går til dei som verkelig treng den.

Husbanken skal hjelpe kommunane med å tilpasse lånevilkåra til den einskilde lånsøkjaren sin situasjon. Regjeringa vil opne for å auke nedbetalingstida frå 30 år i dag til 50 år i særskilte tilfelle.

– For nokre med låg, men stabil inntekt kan eit lån med lang nedbetalingstid og fastrente vere både rimelegare og tryggare enn å leige. For andre grupper vil det gje unødvendig høge kostnader og høg risiko, seier Navarsete.

Det skal bli betre rutinar og reglar for oppfølging av startlånsmottakarar og me vil også styrkje kompetansen om startlånet i kommunane. Det er store skilnader i kor tett oppfølging kommunane har av startlånsmottakarar.

– Startlån handlar ikkje berre om å få kjøpt ein bustad, det handlar også om å kunne halde på han over tid. Når kommunane tidleg tek kontakt med startlånskundar  med betalingsproblem, er det ofte enklare å hjelpe dei, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.