CBAM blir ein del av EØS-avtalen
Nyheit | Dato: 25.09.2026 | Klima- og miljødepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet
I dag har EØS-komiteen vedtatt å ta CBAM inn i EØS-avtalen. Målet er å hindre at europeisk industri blir utkonkurrert eller flyttar til land der utslepp av klimagassar har lågare eller ingen kostnad.
CBAM, eller Carbon Border Adjustment Mechanism som forkortinga står for, er ei ordning frå EU som skal syte for at det blir sett lik pris på utslepp frå produksjon av varer, uansett kvar dei kjem frå. Formålet er å styrkje konkurranseevna og forebygge utflytting av norsk og europeisk industri til land kor det er billigare å sleppe ut klimagassar.
– CBAM er no eitt steg nærmare å tre i kraft i Noreg. Det er ei god nyheit for norsk industri og norske arbeidsplassar. CBAM skal bidra til at det blir sett lik pris på klimagassutslepp frå produksjon av bestemte varer, enten dei blir produserte i Europa eller i andre land, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
Til trass for at CBAM no er innlemma i EØS-avtalen, trer ikkje CBAM i kraft med det same. Alltinget på Island må godkjenne innleminga, på same måte som Stortinget godkjende dette i Noreg i juni. Dette skjer så fort som mogleg, og Klima- og miljødepartementet har tett dialog med Island.
– Norsk industri ligg langt framme i det grøne skiftet. Når CBAM blir ein del av EØS-avtalen, bidrar vi til at verksemder som tar klimaansvar, møter meir rettferdige vilkår i marknaden. Det er bra både for norsk konkurransekraft og for klimaet, seier næringsminister Cecilie Myrseth.
Autorisering av aktørar
For å importere varer som er omfatta av CBAM, må aktørar være autoriserte. Søknader om autorisering skal sendast inn i CBAM-registeret og blir handsama av Skatteetaten. Desse kan sendast inn kort tid etter at CBAM trer i kraft i Noreg. Regjeringa har halde fram målet om at CBAM skal gjelde fullt ut frå 2027, og då vil òg dei andre forpliktingane gjelde.
Dei som sender inn ein søknad i CBAM-registeret før 31. mars 2027 kan fortsette å importere CBAM-varer inntil søknaden har blitt handsama. Vi oppmodar aktørar som blir påverka av CBAM å starte førebuingane allereie no.
Komande møte i EØS-komiteen
CBAM-regelverket inneheld fleire underliggande rettsaktar enn dei som vart vedteke i dag. Noreg, Island og EU-kommisjonen jobbar med å ferdigstille EØS-komitéavgjerder om desse, slik at dei blir del av EØS-avtalen så fort som mogleg.
- CBAM-forordninga, endringsforordninga om forenklingar og fire gjennomføringsforordningar om CBAM-registeret og autoriseringprosessen er vedtatt i EØS-avtalen.
- CBAM, eller Carbon Border Adjustment Mechanism som forkortinga står for, er ei ordning frå EU som skal syte for at det blir sett ein lik pris på klimagassutslepp frå produksjon av bestemte varer, uansett om dei er produserte i Noreg, EU eller blir importerte frå andre land.
- Ordninga gjeld visse varer frå sektorane sement, elektrisitet, gjødsel, jern og stål, aluminium og hydrogen som blir importerte frå land utanfor EØS.
- Miljødirektoratet, Skatteetaten og Tolletaten får ulike roller i gjennomføringa.
- EU har vedteke endringar som gjer ordninga enklare og meir effektiv for næringslivet.
- Miljødirektoratet har hovudansvaret og koordinerer forvaltninga av CBAM i Noreg. Sjå Miljødirektoratet sine nettsider.