Den norske kyrkja blir sjølvstendig

Regjeringa gjer framlegg om endringar i kyrkjelova som inneber at Den norske kyrkja får ei rettsleg, sjølvstendig handleevne slik sokna har i dag.

Kulturminister Linda Hofstad Helleland med proposisjonen i hånden.
Foto: Ketil Frøland / Kulturdepartementet

Regjeringa foreslår at det vert danna eit nytt rettssubjekt for Den norske kyrkja. Arbeidsgjevaransvaret for prestetenesta og for dei tilsette ved dei nasjonale og regionale kyrkjelege verksemdene blir overført frå staten til kyrkja. Gjennom rammetilskot vil staten  framleis finansiere verksemdene som blir overdratt. Den økonomiske ansvarsdelinga mellom staten og kommunane på det kyrkjelege området blir vidareført.

Prop. 55 L (2015–2016) Endringer i kirkeloven (omdanning av Den norske kirke til eget rettssubjekt m.m.)

- Både samfunnet, kyrkja og staten er best tent med eit tydeleg skilje mellom stat og kyrkje, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

- Den norske kyrkja er viktig for mange. Regjeringa vil føre ein politikk som sørgjer for at kyrkja framleis kan vere ei folkekyrkje for alle, seier kulturministeren.

- Det er ikkje motsetning mellom å bevare kyrkja som folkekyrkje og å støtte det religiøse og livssynsmessige mangfaldet som finst i samfunnet vårt. Eg meiner vi har kome fram til ein god balanse mellom omsynet til likebehandling av trus- og livssynsamfunn og omsynet til at Den norske kyrkja har ei historisk særstilling i det norske samfunnet. Eg trur framlegget til endringar i kyrkjelova vil få brei tilslutning, seier kulturminister Hofstad Helleland.

Den kyrkjelege forvaltningsreforma er ein historisk milepæl i ein mangeårig og stegvis reformprosess der Den norske kyrkja blir sjølvstendig og det blir eit tydlegare skilje mellom kyrkje og stat.

Reformen er blitt grundig førebudd i nær dialog med Den norske kyrkja og dei om lag 1 600 tilsette som vert berørte. Kyrkjerådet har gjort eit omfattande arbeid med å utvikle dei administrative systema og nødvendig regelverk.

Når regjeringa legg fram forslag til lovendringar for Stortinget no, ligg det godt til rette for at Kyrkjemøtet kan behandle saka i april og at reforma kan gjennomførast frå 1. januar 2017 som planlagt.

Høyringsdokument om saka

Kulturdepartementet sin nettside om kyrkje og stat frå Reformasjonen til grunnlovsendringane i 2012.   

Den norske kyrkja og Kyrkjerådet har òg ei nettside om endringar i relasjonen mellom staten og Den norske kyrkja.