Konsesjonskraftprisen for 2024 er fastsett

Konsesjonskraftprisen for 2024 er fastsett til 12,31 øre per kilowattime (kWh). Dette er ein auke frå prisen for 2023 som er 11,77 øre per kWh. Prisen gjeld for heile leveringsåret 2024.

Konsesjonskraft er ein lovfesta rett til uttak av kraft for kraftutbyggingskommunane og fleire fylkeskommunar. Konsesjonskraftprisen skal vere sjølvkost og blir utrekna på bakgrunn av sjølvkost i eit representativt utval av kraftverk.

I årets berekning er det gjort enkelte tekniske justeringar. Tilsigsserien er i år oppdatert frå 1970-1999 til 1991-2020. Ved å oppdatera til ein nyare tilsigsserie, vil ein få eit anslag for mellomliggjande årsperiode som betre representerer dagens nivå.

Konsesjonskrafta skal sikre utbyggingskommunane kraft til alminneleg forsyning, og til ein rimeleg pris. Den økonomiske verdien av konsesjonskraftavståinga svarer til differansen mellom prisen på kraft i marknaden og prisen på konsesjonskraft tillagt innmatingsavgift.

Eit stort antall kraftkommunar og fleire fylkeskommunar nyt godt av konsesjonskraftordninga. Nordisk systempris hittil i år har i gjennomsnitt vore på rundt 64,9 øre per kWh, som er mykje høgare enn konsesjonskraftprisen i år på 12,31 øre per kWh. Terminprisen for den nordiske systemprisen for 2024 ligg no på 72,55 øre per kWh, basert på marknadsinformasjon frå Nasdaq OMX.

For NO1 (Oslo), NO2 (Kristiansand) og NO5 (Bergen) ligg terminprisane for 2024 på høvesvis 72,55 øre per kWh, 77,65 øre per kWh og 70,25 øre per kWh. For NO3 (Trondheim) og NO4 (Tromsø) er terminprisane høvesvis 34,99 øre per kWh og 30,03 øre per kWh. Med ein konsesjonskraftpris på 12,31 øre per kWh, vil ordninga gi betydelege inntekter til kraftkommunane og fleire fylkeskommunar neste år.