Klagenemnda behandlar klager frå personar som meiner at utdanning eller yrkeskompetanse frå utlandet ikkje er rett vurdert av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Nemnda skal sikre ei uavhengig og rettferdig handsaming av slike saker.

Kunnskapsdepartementet oppnemner klagenemnda for perioden 1. januar 2026 til 1. januar 2030.

Medlemmar:

  • Henrik W. Bärnholdt (leiar), organisasjonsdirektør i Statens kartverk (1981, Jevnaker)
  • Kristin Seehusen (nestleiar) advokat i Help forsikring AS (1992, Oslo)
  • Miriam Wallenborg, juridisk seniorrådgjevar ved Universitetet i Stavanger (1993, Stavanger),
  • Øistein Frank Sundli, kontaktlærar ved Godalen vidaregåande skule (1965, Røyneberg)
  • Taija-Riitta Blencke, lærar ved Prestvannet skule (1974, Kvaløysletta)

Varamedlemmar:

  • Liv Silje Borg, seniorrådgjevar ved OsloMet – storbyuniversitetet (1978, Oslo),
  • Sigbjørn Lande, avdelingsleiar for byggfag og reinhald ved Bryne vidaregåande skule (1972, Time)
  • Lena Oppegård, styrar i Rensåsen barnehage (1980, Bodø)

Frå 1. januar 2026 skal Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse oversende klagesaker om godkjenning av utanlandsk utdanning til Klagenemndssekretariatet, som frå då av er sekretariat for klagenemnda.