Historisk arkiv

Statsbudsjett 2019:

Digitalisering av historiske lyd- og biletopptak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet foreslår å auke løyvinga til Nasjonalbiblioteket med 10 millionar kroner til digitalisering av historiske lyd- og biletopptak i arkiv- og museumssektoren.

– Om det ikkje blir gjort eit nasjonalt grep no, vil viktige delar av norsk kulturarv kunne gå tapt dei neste åra. Dette gjeld særleg eldre film, lyd og foto i ulike arkiv og museum rundt om i landet. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at dette materialet blir digitalisert, tatt vare på og gjort tilgjengeleg, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Audiovisuelt materiale er i dag lagra i ulike format - frå gamle filmrullar og lydopptak på minidiskar, betamaxkassettar og CD-ar, rundt om i landet. Materialet står i fare for å forvitre og gå tapt. Nasjonalbiblioteket har bygd opp kompetanse om restaurering, bevaring og digitalisering av lyd og levande bilete på mange og ulike format, og skal våren 2019 levere ein plan for digitalisering av dette materialet.