Digitalt tilbod om norskopplæring

Eit fleksibelt digitalt tilbod om norskopplæring for ukrainarar og andre nye i Noreg er i gang.

– For at ukrainarar og andre som kjem til Noreg raskt skal koma seg ut i arbeid og kunna forsørge seg sjølv, er det avgjerande at dei lærer seg språket. Det nye tilbodet om digital opplæring vil gjera det enklare å få undervisning som kan kombinerast med arbeid, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Det nasjonale tilbodet om digital opplæring skal bidra til å auke kapasiteten og fleksibiliteten i norskopplæringa for fordrivne frå Ukraina, og for øvrige grupper med rett til norskopplæring etter integreringslova.

– Dårleg norsk er den største barriereren for å få jobb. No håpar eg mange kommunar tar i bruk digital opplæring slik at det blir enklare å få norskundervisning om kvelden og i helgene i kombinasjon med arbeid, seier arbeids- og inkluderingsministeren

Kommunen vil kunne supplere eiga opplæring, og den digitale opplæringa kan også nyttast dersom kommunen ikkje har tilstrekkeleg kapasitet.

HK-dir har i samarbeid med IMDi ansvar for den digitale norskopplæringa.