Klima- og miljøministeren besøker Drammen stasjon
Nyheit | Dato: 23.01.2026 | Klima- og miljødepartementet
Målet med besøket er å høyre om korleis Bane Nor jobbar med å tilpasse seg eit klima i endring.
– Vi må sikre at lokalsamfunn, næringsliv og befolkninga er betre rusta for eit klima med meir ekstremvêr. Utsleppa må ned, men vi må òg tilpasse oss eit klima i endring. Arbeidet Bane Nor har gjort på Drammen stasjon, svarar på begge desse utfordringane, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Drammen stasjon er heva med 40 cm, slik at stasjonen er betre sikra mot flaum. I tillegg har plattformtaka solcellepanel for lokal, fornybar produksjon av energi.
Henning Bråtebæk, konserndirektør Drift og vedlikehold i Bane NOR, vil gje ei generell orientering om Bane NOR sitt arbeid for å klimatilpasse jernbanen i Noreg.
Eirik Korsnes, prosjektleder Drammen-Kobbervikdalen i Bane NOR, vil gje ei orientering om arbeidet med å heve plattformene på Drammen stasjon.
Når: Måndag 26. januar 09.00
Kor: Drammen stasjon. Oppmøte i ventehallen.