Dronar kan vere eit nyttig verktøy på fleire måtar. Til dømes under synfaringar, dokumentasjon av skadar eller tiltak, oversynsbilete av areal og terreng, og oppfølging av natur-, miljø- og landbruksrelaterte saker.

Gruppa som er etablert skal bidra til trygg og nyttig bruk i relevante oppgåver. Det formelle grunnlaget for dronebruken er no på plass. Statsforvaltaren i Innlandet har utarbeidd ein operasjonsmanual, avklart roller og ansvar, og etablert rutinar for planlegging, gjennomføring, logging, teknisk oppfølging og handtering av datamateriale.