Historisk arkiv

E6 Helgeland sør: Utbygging for 3,97 milliardar kroner, startar hausten 2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- E6 er den viktigaste transportåra for vegtransport i Nord-Noreg og på Helgeland. Med utbygging av prosjektet "E6 Helgeland sør" får både lokaltrafikken og gjennomgangstrafikken ein tryggare og betre veg, med kortare køyretid.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med eit forslag frå regjeringa om utbygging og finansiering av prosjektet "E6 Helgeland sør" i Nordland.

Forslaget, som  blei lagt fram i statsråd i dag, omfattar fleire delprosjekt og tiltak på E6-strekninga frå grensa mellom Nord-Trøndelag og Nordland og nordover til Korgen. Prosjektet er ein del Helgelandspakken. Denne pakken omfattar elles  "E6 Helgeland nord", det vil seie eit prosjekt gjeld bygging og utbetring av E6 på strekninga Korgen  – Bolna. Dette prosjektet får anleggsstart hausten 2015, etter at Stortinget i fjor vedtok regjeringa sitt framlegg om utbygging og finansiering.    

Utbygging av i alt 80 kilometer E6 -  ny konkurranse- og kontraktsform

E6 Helgeland sør omfattar utbygging av til saman om lag 80 kilometer veg, fordelt på ni delstrekningar. For sju av delstrekningane vil det bli lyst ut ein samla konkurranse der same entreprenør skal stå for utbygging, drift og vedlikehald i ein periode på inntil 15 år. Eit slikt opplegg er i tråd med den  konkurranse- og kontraktsforma som alt er tatt i bruk for prosjektet E6 Helgeland nord.

- Med å gi ein entreprenør ansvaret for utbygging, drift og vedlikehald av lengre vegstrekningar, kan vi mange stader oppnå stordrifts- og samordningsgevinstar. Dei mange store oppgåvene vi står framfor på vegsektoren krev at vi prøver ut ei slik ny løysing med såkalla vegutviklingskontrakt. I vegutviklingskontrakten for E6 Helgeland sør skal det etter planen leggjast til grunn at utbygginga skal ta til hausten 2016, seier samferdselsministeren. 

Tiltaka på dei sju delstrekningane på E6 Helgeland nord omfattar utviding av vegbreidda, utviding av svingar, styrking av bereevne i dagens trasé, utbetring av bruer og tunnelar og bygging av gang- og sykkelvegar.

For utbygginga av dei to delstrekningane Kapskarmo – Brattåsen og Brattåsen – Lien vil det bli nytta tradisjonelle konkurranseformer, der drift og vedlikehald ikkje inngår. Her skal E6 leggjast i ny trasé vest for tettstadene Trofors og Grane over ei strekning på om lag 22 kilometer. Det skal mellom anna byggjast ein tunnel og to bruer for kryssing av Vefsna og Svenningsdalselva. I tillegg inngår ombygging av lokalt vegnett. Tidspunkt for anleggsstart for strekninga Kapskarmo – Brattåsen – Lien må vurderast nærare.

Kortare køyretid

Utbygginga av E6 Helgeland sør vil redusere køyretida med om lag 9 minutt for lette køyretid og om lag 11 minutt for tunge køyretøy. Strekningar med lågare fartsgrense enn 80 km/t blir redusert med 33 kilometer.

Økonomisk ramme: 3,97 milliardar kroner

Prosjektet E6 Helgeland sør har ei samla økonomisk ramme på 3,97 milliardar 2015-kroner. Av dette skal størstedelen, det vil seie 3,45 milliardar kroner, finansierast med løyvingar over statsbudsjettet.  Resten, 520 millionar kroner, skal finansierast med bompengar. Eit slikt opplegg, med kombinasjon av statlege løyvingar og bompengar, er i tråd med tidlegare vedtak i Nordland fylkeskommune og i kommunar i området.

Rentekompensasjon for bompengelån – skal komme trafikantane til gode

- Det er i Nasjonalt transportplan lagt opp til delvis bompengefinansiering av prosjektet. Regjeringa har likevel som mål å byggje meir veg og med lågare bompengdel, noko som kjem denne vegen til gode. I tillegg vil prosjektet kunne få ytterlegare fordel frå bompengereforma som regjeringa har lagt fram. I reforma er det foreslått ei rentekompensasjonsordning der staten tar ein del av renteutgiftene i lånefinansierte bompengeprosjekt. Regjeringa legg vidare opp til ei omorganisering frå dagens mange bompengeselskap til eit fåtal selskap. Dermed bidrar vi til at meir av bompengane går til reine vegformål og mindre til administrasjon og finansiering, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Fleire opplysningar og kartskisse som viser dei ni delprosjekta: Prop. 148 S (2014-2015) Utbygging og finansiering av E6 på strekninga Nord-Trøndelag grense Korgen, inkl. B rattåsen – Lien i Vefsn og Grane kommunar (E6 Helgeland sør i Nordland)