Statsbudsjettet 2026
Ei styrking av vårt felles offentlege ordskifte
Pressemelding | Nr: 50/25 | Dato: 15.10.2025 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Regjeringa foreslår 37,5 millionar kronar til å løfte ytringsfridomen og kampen mot desinformasjon. Pengane skal gå til meir kunnskap, forsking, undersøkande journalistikk og betre oppfølging av sosiale medium.
– Vi ser at framande statar kan søkje å påverke oss, og vi veit at algoritmane ikkje bryr seg om nyansar. Då er det viktig å sørge for ein sterk grunnmur i vår felles, offentlege samtale, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Regjeringa foreslår å gi 20 millionar kroner til eit nytt og uavhengig senter som får namnet Tenk – senter for kjeldemedvit.
Senteret skal opprettast som ei uavhengig stifting med NTNU, Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, Den norske forleggerforening og Norsk Presseforbund som stiftarar. Senteret skal byggje vidare på arbeidet som allereie har vore gjort i Tenk, i skuleavdelinga i Faktisk.no.
I tillegg foreslår regjeringa 5 millionar kronar til oppstarten av eit forskingssenter som kan bidra med langsiktig forsking på det offentlege ordskiftet og følgje med på ytringsfridom, polarisering og desinformasjon i det norske samfunnet.
For å støtte opp om den undersøkande journalistikken foreslår regjeringa å bidra med totalt 4,5 millionar kronar i ekstra tilskot til Senter for undersøkande journalistikk, Landslaget for lokalaviser og Institutt for journalistikk.
– Slagkraftig journalistikk er berebjelken i eit sunt demokrati. Pressa er ei motvekt mot desinformasjon, og vi treng dei redaktørstyrte media meir enn nokon gong, seier Jaffery.
Medietilsynet er fagetat for motstandskraft mot desinformasjon. Regjeringa foreslår å styrke Medietilsynet med 8 millionar kronar. Tilsynet skal bidra med kunnskap til både styresmakter og folk om korleis sosiale media fungerer. Dei skal òg førebu seg på å føre tilsyn etter forordninga om digitale tenester (DSA).