Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Eigarskapsforvaltinga av Mantena AS blir frå neste år overført til Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa har i dag vedtatt å overføre eigarskapsforvaltinga av det heilstatlege togvedlikehaldsselskapet Mantena frå Samferdselsdepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet (NFD), med verknad frå 1. januar 2020. Overføringa er i tråd med retningsliner i regjeringas nye eigarskapsmelding.

- Gjennom statleg eigarskap av Mantena syrgjer staten for at det finst ein leverandør av vedlikehalds- og verkstadtenester for skjenegåande materiell i den norske marknaden, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I eigarsapsmeldinga som regjeringa la fram tidlegare i haust går det fram at statens eigarskap i forretningsmessige selskap bør forvaltas av den sentrale eigarskapseininga i Nærings- og fiskeridepartementet Som oppfølging av det flyttar vi no selskapet.  

- Regjeringa forventar at konkurransen i marknaden for togvedlikehald gradvis vil auke, og staten vil som eigar bidra til at Mantena er ein konkurransedyktig aktør i denne marknaden, seier samferdselsministeren.

Statens eigarskapsforvalting av Mantena blir overført frå Samferdselsdepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet 1. januar 2020.

Om Mantena AS
Mantena leverer vedlikehaldstenester til togoperatørar, primært vedlikehald av lokomotiv, vogner og motorvogner. I tillegg gjennomfører selskapet vedlikehald på komponentar, og utfører vedlikehald og reparasjonar av skjenegåande arbeidsmaskinar. Selskapet blei fisjonert ut frå Vygruppen (tidlegare NSB-konsernet) til Samferdselsdepartementet i 2017.

 

For fleire opplysningar – sjå:

 

 

Til toppen