Historisk arkiv

Nasjonal transportplan 2022–2033:

Ein grønare transportsektor

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Ny Nasjonal transportplan følger opp klimaplanen og ambisjonen om å halvere klimagassutsleppa frå transportsektoren innan 2030. – Vi skal ta i bruk nye løysingar og arbeide målretta for å redusere utsleppa både frå bygginga og bruken av samferdselsinfrastruktur. Vi satsar stort på sykkel og legg til rette for ei klima- og miljøvennleg byutvikling med 80 milliardar kroner til byområda, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Transportsektoren står for om lag ein tredjedel av Noregs klimagassutslepp, og om lag 60 prosent av dei ikkje-kvotepliktige utsleppa. Regjeringa har ein ambisjon om å halvere utsleppa frå transportsektoren innan 2030, samanlikna med 2005.

– Vi har ein stor jobb framfor oss, men vi har også gjort viktige framsteg. I perioden frå 2012 til 2019 har utsleppa frå transport gått ned med om lag 15 prosent. Det skuldast i hovudsak bruk av biodrivstoff og fleire elektriske køyretøy, seier Hareide.

Regjeringa legg klimaplanen til grunn for arbeidet med å halvere utsleppa frå transportsektoren innan 2030. Det betyr at regjeringa vil auke avgiftene på utslepp av klimagassar, utvikle omsetningskrava for biodrivstoff vidare, bruke innkjøpsmakta til det offentlege for å fremme null- og lågutsleppsløysingar og halde fram med satsinga på ei grøn omstilling gjennom støtteordningar.

450 millionar kroner til fossilfrie anleggsplassar
Regjeringa vil legge til rette for at utbygginga av infrastruktur blir fossilfri innan 2025. Derfor følger regjeringa no opp handlingsplanen for fossilfrie anleggsplassar, og prioriterer i første seksårsperiode 450 millionar til å sette i gong pilotprosjekt.

– I dag kan klimavennlege anleggsmaskinar koste om lag tre gongar så mykje som ein dieseldreven maskin. For mange entreprenørar er det i dag dyrt å velje grønt. For å få kostnadane ned og farten opp i teknologiutviklinga, skal staten bidra ved å auke etterspurnaden etter nullutsleppsmaskinar, seier Hareide.  

Vil reduserte miljøkonsekvensar av veg
Regjeringa vil redusere det totale arealbeslaget frå samferdselsprosjekt gjennom til dømes gjenbruk og optimalisering av vegstrekningar. 

– Utbetringar av eksisterande veg har mindre negative konsekvensar for klima og miljø enn å bygge ny. Tek vi vare på det vi har, så får fellesskapet mykje igjen for sine pengar. Derfor satsar vi blant anna på utbetringsstrekningar, seier Hareide.

Regjeringa vil også ta lærdom frå eit pilotprosjekt i regi av transportverksemdene der det skal planleggast ein naturnøytral vegstrekning.

Skal teste indikator for tap av naturmangfald
Utbygging av infrastruktur kan bidra til å forstyrre og øydelegge naturtypar og leveområde som dyr og insekt treng. Regjeringa vil bidra til å minske påkjenningar frå utbygging ved å halde samanhengande økosystem ved like. Mellom anna bekkar, elvar, våtmark og nærliggande område, såkalla blågrøn infrastruktur.   

– Naturen har ein stor verdi i seg sjølv. Derfor vil vi kartlegge i dekar kor mykje natur som går tapt når samferdselsprosjekt blir gjennomført.  Ein indikator for tap av naturmangfald vil derfor bli testa ut og vi håper indikatoren kan gi oss viktig kunnskap i arbeidet med å redusere påverknaden av samferdselsprosjekt, seier Hareide.  

Legg til rette for at fleire kan sykle, gå eller reise kollektivt i byane
Regjeringa følger opp byvekstavtalane. Nullvekstmålet ligg til grunn i avtalane og betyr at kø, luftforureining, støy og klimagassar skal reduserast.

– Når byane veks, kan vi ikkje løyse det auka transportbehovet med meir biltrafikk. Saman med byområda vil vi legge til rette for at fleire vel å sykle, ta beina fatt eller bruke kollektivtransport. Vi prioriterer om lag 80 milliardar kroner til byområda i planperioden, seier Hareide.

Regjeringa legg opp til å:

  • Følge opp dei inngåtte byvekstavtalane i storbyområda Oslo, Bergen, Trondheim og på Nord-Jæren. Det blir også tatt høgde for midlar til å reforhandle byvekstavtalane på sikt.
  • Inngå nye byvekstavtalar i fem mindre byområda, Kristiansandsregionen, Buskerudbyen, Grenland, Nedre Glomma og Tromsø.
  • Opprette eit nytt fireårig tilskot for å styrke satsinga på kollektivtransport, sykling og gonge i mindre byområde. Tilskotet på 600 millionar kroner vert avgrensa til Bodø, Ålesund, Haugesund, Arendal/Grimstad og Vestfoldbyen (Tønsberg, Sandefjord og Larvik).

Storstilt sykkelsatsing
- Vi legg opp til ei ambisiøs satsing på sykkel. Sykkel er ein viktig del av byområdesatsinga. Vi legg òg til grunn for heile perioden 28 milliardar kroner til mindre investeringstiltak utanfor dei største byområda. Gang- og sykkelvegar er ein viktig del av desse investeringstiltaka. I tillegg er sykkel ein sentral del av Barnas transportplan. Summen av alle desse tiltaka kjem syklistane til gode, seier Hareide.

Regjeringa vil i ny Nasjonal transportplan ha eit langsiktig mål om at 20 prosent av folk i byområda og 8 prosent på landsbasis, skal sykle.

Dieseltog vert fasa ut
Jernbanen i Noreg har samla sett små utslepp, og i dag går nesten all godstransport på elektrifiserte jernbanestrekningar. I løpet av første seksårsperiode prioriterer regjeringa Trønder- og Meråkerbanen for delelektrifisering.  

– No skjer det også ei gradvis utskifting av dei siste gamle dieseltoga. Nye bimodale togsett skal trekke kraft frå batteri og bruke diesel eller biodiesel på strekningar som ikkje er elektrifisert enno, seier  Hareide.

Auke i nullutsleppsbilar
Noreg er i ei særstilling internasjonalt med ein bilpark i stadig grønare retning. 53 prosent av nybilsalet i 2020 var elektriske bilar.

– Regjeringa vil at det skal bli enklare å velje elbil i framtida. Både for dei korte og dei lange reisene. Derfor legg regjeringa mellom anna til rette for etablering av elbilladarar på rasteplassar og døgnkvileplassar langs riksvegnettet, i tråd med strategien for rasteplassar, seier Hareide.

Utviklinga av ladeinfrastruktur skal vere marknadsbasert. Samstundes har Enova ei viktig rolle i å støtte investeringar i ladeinfrastruktur i dei delane av landet der marknaden ikkje er moden nok.

  • Regjeringa legg til grunn at nye personbilar og lette varebilar skal vere nullutsleppkøyretøy i 2025 og nye bybussar skal vere nullutsleppskjøretøy eller bruke biogass i 2025.
  • Innan 2030 skal nye tyngre varebilar, 75 prosent av nye langdistansebussar og halvparten av nye lastebilar vere nullutsleppskjøretøy.
  • Varedistribusjonen i dei største bysentera skal vere tilnærma nullutslepp innan 2030.

Teknologisk modning er ein føresetnad for måltala.

Null- og lågutsleppsløysingar til sjøs
I løpet av 2021 kjem det til å vere nærmare 80 bilferjer med batteri i drift på norske ferjesamband. CO2-utsleppa er rekna til å bli halvert samanlikna med 2015, det året då verdas første batterielektriske ferje blei tatt i bruk.

– Statens vegvesen sine kjøp av riksvegferjetenester er eit godt døme på korleis det offentlege kan drive fram ei klimavennleg teknologiutvikling. Det å stille klare krav til null- og lågutsleppsteknologi i offentlege innkjøp der det ligger til rette for det, gir resultat, seier samferdselsministeren.

Ein grønare luftfart
Sjølv om utviklinga er i ein tidleg fase, vil det truleg bli kommersiell drift med null- og lågutsleppfly innan 2030. Dei første passasjerflya kjem nok til å ha eit avgrensa tal på setar og ei avgrensa rekkevidde. Etter kvart kjem det truleg større fly med lengre rekkevidde.

– Regjeringa ønsker å satse på utvikling av null- og lågutsleppsluftfart. Eit fjellkledd og vêrhardt land som Noreg, kan vere ein god arena for å teste ut ny teknologi i luftfarten, seier Hareide. 

Bruk av berekraftig biodrivstoff er allereie eit tiltak for å redusere utslepp i sektoren. Frå 2020 er det innført eit omsetningskrav på 0,5 prosent avansert biodrivstoff til luftfart i Noreg. Truleg er Noreg først i verda med å etablere og handheva eit slikt omsetningskrav.

 

For meir informasjon, sjå:

Meld. St. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan 2022 - 2033