Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett

Ein million til Gestapomuseet i Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa foreslår å gi ein million kroner til Gestapomuseet i Bergen. Pengane skal legge til rette for besøk av elevar der målet er at dei skal lære meir om demokrati og menneskerettar.

– Museet og arbeidet til stiftinga er ei påminning om at vi ikkje må ta fridommen og demokratiet for gitt. Til hausten blir dei nye læreplanane i skulen tekne i bruk. I dei planane er demokrati og medborgarskap sentrale tema. Saman er dette viktige bidrag i arbeidet med å gjere elevar til sjølvstendige og kritiske medborgarar i eit moderne demokrati, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V). 

Fangeceller med museumsformål

Gestapomuseet held til i Veiten 3 i Bergen sentrum, der Gestapo hadde kontor og arrest for fangar. Museet er under utvikling, og blir i dag drifta på frivillig basis av Gestapomuseets foreining. Det er planar om opning seinare i år.

– Andre verdskrigen er eit mørkt kapitel i norsk historie, og med åra blir det færre tidsvitne. Difor er det viktig å ha gode arenaer slik som Gestapomuseet i Bergen der ungdom kan lære om historia, men også læra av ho, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).

  • Stiftinga Gestapomuseet har slått seg saman med Stiftinga Espeland Fangeleir. Den nye
  • stiftinga fekk tildelt ein million kroner under budsjettforhandlingane på Stortinget om budsjettet for 2019. Prosjektløyvinga vart vidareført i statsbudsjettet for 2020. Samla vil stiftinga få to millionar kroner i 2020 viss regjeringa får fleirtal for sitt forslag til revidert budsjett for 2020.

For meir info om Gestapomuseet i Bergen sjå heimesida deira.