Nett-tv Ekspertutvalg overrekker rapport om ubåten på Fedje

Se sendingen her

Se sendingen her

Tid: Tysdag 20. september, kl. 14.00

Stad: Auditoriet i R5, Akersgata 59

Husk pressekort eller gyldig legitimasjon.

Ekspertutvalet vart nedsett hausten 2020 og fekk i oppdrag å sjå på om det finst ny informasjon, ny teknologi eller nye metodar som medfører at heving av kvikksølvlasta eller heile ubåtvraket kan gjennomførast med ein lågare risiko enn det som har vore vurdert tidlegare. Utvalet har utarbeidd ein rapport som skal gi regjeringa eit avgjerdsgrunnlag for val av miljøtiltak.

Den tyske ubåten U-864 vart senka 9. februar 1945. Ifølgje historiske dokument kan ubåten ha frakta 67 tonn kvikksølv. Delar av denne lasta er spreidd ut på sjøbotnen omkring vraket, og dette fører til at det lek kvikksølv til vassmassane omkring.

Praktisk info:

Presse som ønsker å vera til stades under presentasjonen og overrekkinga kan registrera seg til media@nfd.dep.no innan måndag 19. september klokka 12. Pressekontakt for statsråden: Fungerande kommunikasjonssjef Hanne Skodje kan kontaktast på hsk@nfd.dep.no eller 932 62 087.

Overrekkinga vil streames.