– Noreg treng meir fornybar kraft og Utsira Nord kan gi eit vesentleg bidrag til den norske kraftbalansen, samtidig som prosjektet kan bidra til teknologiutvikling og kostnadsreduksjonar for flytande havvind. I statsbudsjettet har me fulgt opp Stortingets vedtak om å leggje fram fleire vurderingar av Utsira Nord. Dei eksterne vurderingane som blir presenterte i statsbudsjettet understøttar betydninga av Utsira Nord, seier energiminister Terje Aasland.

I juni fatta Stortinget eit oppmodingsvedtak om støtteprogrammet for flytande havvind i Utsira Nord. Vedtaket er fulgt opp i Energidepartementets budsjettproposisjon. Som ein del av oppfølginga av vedtaket har departementet henta inn eksterne vurderingar og analysar frå Enova, Oslo Economics og advokatfirmaet Wiersholm. I scenarioanalysen for 2026 har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) også gjennomført modellberekningar av rolla Utsira Nord og havvind spelar i kraftsystemet. NVEs scenariorapport for kraftmarknaden for 2026 blir publisert i løpet av oktober.

Utsira Nord kan gi 2 terrawattimar (TWh) ny fornybar kraft 

Gjennom støtteordninga legg regjeringa til rette for at eit flytande havvindprosjekt på 500 megawatt kan bli realisert i Utsira Nord. Det er anslått at eit prosjekt av denne storleiken vil kunne produsere om lag 2 TWh straum i året.

Scenarioanalysane frå NVE illustrerer at ny kraftproduksjon er viktig for utviklinga i dei norske kraftprisane. Berekningane viser at ei utbygging av Utsira Nord vil gi størst reduksjon i kraftprisane i Sørvest-Noreg (NO2) og Vest-Noreg (NO5). I Sørvest-Noreg blir det anslått at den gjennomsnittlege kraftprisen blir redusert med om lag 3 øre per kilowattime i 2035, samanlikna med eit scenario der Utsira Nord ikkje blir bygd ut. I scenarioet utan havvind anslår NVE at kraftprisen per kilowattime i gjennomsnitt blir 8,4 øre høgare i heile landet i 2035 dersom Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II ikkje blir realiserte.

– Eit havvindprosjekt som Utsira Nord vil aleine ha ein merkbar effekt på kraftbalansen og kraftprisane, seier Aasland.

Teknologiutvikling og ringverknader 

Utsira Nord kan bidra til å utvikle flytande havvind frå dagens demonstrasjonsfase mot ei meir industrialisert utvikling, og gi ringverknader i norsk økonomi både i utbyggings- og driftsfasen. Flytande teknologi er særlig relevant i Noreg fordi store delar av dei norske havområda er for djupe for botnfast havvind.

Eit flytande havvindprosjekt i Utsira Nord kan bidra til ein heimemarknad for norsk leverandørindustri til havvind og gjennom det potensielt bidra til ei styrkt leverandørkjede for flytande havvind i Noreg og internasjonalt.

Statens ansvar og risiko

Den økonomiske forpliktinga staten har i støtteordninga er avgrensa gjennom ramma Stortinget har sett på 35 milliardar 2025-kroner. Statens rolle er i hovudsak avgrensa til å gjennomføre støttekonkurransen og betale ut statsstøtte til vinnaren. Det er selskapet som vinn konkurransen som skal byggje, eige og drive havvindparken.

Leverandørkjeda for flytande havvind er framleis umoden. Dette skaper usikkerheit om blant anna prosjektframdrifta og departementet vurderer at denne usikkerheita har blitt større etter søknadstidspunktet. Regjeringa gjer derfor to justeringar i utkastet til støtteavtale. Me vil redusere bota for å avbryte prosjektet fram til investeringsbeslutning og betale noko av statsstøtta ut tidlegare i prosjektgjennomføringa. 

Justeringane er innafor rammene som er notifisert til EFTAs overvakingsorgan ESA, og endrar ikkje statens samla økonomiske forplikting.

Om Utsira Nord

I 2025 gav Stortinget regjeringa fullmakt til å inngå forpliktingar om støtte til flytande havvind i prosjektområda Vestavind B og Vestavind F innafor ei kostnadsramme på 35 milliardar 2025-kroner.

Utsira Nord vart lyst ut i 2025, og i februar 2026 fekk to aktørar tildelt kvart sitt prosjektområde. Aktørane skal no modne prosjekta sine før dei søkjer om konsesjon.

Statsstøtta skal gis som investeringsstøtte. Dersom begge aktørane som er tildelt prosjektområde sender inn konsesjonssøknad, blir den faktiske støtta fastsett gjennom ein støttekonkurranse. Aktøren med lågast støttebehov per megawatt vinn konkurransen. Hovuddelen av støtta skal utbetalast når anlegget er ferdigstilt.

Lenkje til eksterne vurderingar og analysar: