Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Revidert nasjonalbudsjett

Ekstra løyvingar til skogbruket og reindrifta

Med bakgrunn i situasjonen i skogbruket etter Covid 19-utbrotet gjer regjeringa framlegg om å løyve 50 millionar kroner til ei ekstraordinær tiltakspakke for skogbruket.

Føremålet med tiltakspakka er å medverke til hogstaktivitet i skogbruket i ein periode med redusert etterspurnad etter sagtømmer. Redusert aktivitet i byggsektoren har gitt lågare etterspurnad etter trelast frå sagbruka, og dermed mindre hogst for skogsentreprenørane. 

– Eg har lytta til skog- og trenæringa og er glad for å kunne leggje fram denne tiltakspakka som eit bidrag til å halde oppe hogstaktiviteten i skogbruket i denne krevjande tida, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad, som også peikar på at tiltaka vil hjelpe til å halde hjula i gang i treforedlingsindustrien.

Tiltakspakka vil leggje opp til å vri meir av hogsten over på tynning, slik at det blir tatt ut meir massevirke, som er det tømmeret som går til treforedlingsindustrien. 

10 millionar ekstra til reindrifta

Regjeringa gjer  framlegg om å løyve 10 millionar ekstra til avbøtande tiltak i samband med beitekrisa som har ramma store delar av reindrifta på seinvinteren.

Svært store snømengder og islagte beite gjer at reinen ikkje finn nok mat. Det har derfor vore nødvendig å hjelpe reineigarane med å kjøpe inn og transportere fôr ut til dyra. Stortinget har tidlegare løyvd 20 millionar kroner ekstra til kriseberedskapsfondet for reindrifta.  Den samla løyvinga til kriseberedskapsfondet i 2020 blir med dette 42,7 millionar kroner.

– Statens oppgåve er å hjelpe reineigarane å kome gjennom beitekrisa, som er den verste på mange år, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad. – Det er reineigarane som er heltane på vidda. Det er dei som har lagt ned eit stort ekstra-arbeid for at dyra skal ha det så godt som råd er. Det har blitt transportert ut fôr, og gjort mykje for å halde flokkane samla, seier Bollestad.

– Situasjonen vart ekstra vanskeleg på grunn av koronakrisa. Frå regjeringa si side har vi god og konstruktiv dialog med Norske Reindriftsamers Landsforbund, Landbruksdirektoratet, Fylkesmannen, Sametinget og lokalsamfunna. Alle har gjort sitt for å kome gjennom denne krisa. Det set vi stor pris på, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Denne uken har landbruks- og matminister Olaug Bollestad vært på befaring på Vest-Finnmarksvidda.
Denne veka har landbruks- og matminister Olaug Bollestad vore på befaring på Vest-Finnmarksvidda. Foto: Landbruks- og matdepartementet
Foring av reinsdyr på vidda.
Svært store snømengder og islagte beite gjer at reinen ikkje finn nok mat. Det har derfor vore nødvendig å hjelpe reineigarane med å kjøpe inn og transportere fôr ut til dyra. Foto: Landbruks- og matdepartementet

15 millionar til Mattilsynet

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til Mattilsynet med 15 millionar kroner.

– Mattilsynet er ein beredskapsetat med kritiske samfunnsfunksjonar knytt til matvare- og vassforsyning. I 2020 har Mattilsynet fått fleire nye oppgåver som følgje av koronapandemien, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad. 

Løyvinga til Mattilsynet skal m.a. dekke auka utgifter som følgje av nye oppgåver og nødvendig utviklingsarbeid i Mattilsynet etter ekstern gransking.

Kompensasjon og omstilling i pelsdyrhaldet

Stortinget har vedtatt forbod mot hald av pelsdyr i Noreg. For pelsdyrprodusentar som hadde pelsdyr 15. januar 2018, er det vedtatt ein avviklingsperiode fram til 1. februar 2025. Omlag 180 pelsdyrprodusentar i Noreg  er omfatta av vedtaket. Det blir gitt kompensasjon for tap av retten til å halde pelsdyr, og det blir gitt tilskot til omstilling.

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald med 60 millionar kroner. Fleire pelsdyroppdrettarar har avvikla  produksjonen enn det som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2020.

Stortinget har bedt regjeringa om å endre kompensasjonsordninga. Regjeringa arbeider med å få på plass eit nytt regelverk. Forslaget til løyving tek ikkje høgde for budsjettmessige konsekvensar som vil kunne følgje av nytt regelverk.

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til omstillingsordninga for pelsdyroppdrettarar med 30 millionar kroner i 2020. Det har vore stor interesse for ordninga. Ved å auke løyvinga ønskjer regjeringa gjere det mogleg med rask omstilling til anna verksemd for oppdrettarar som har avvikla, eller som har planar om å avvikle pelsdyrhaldet i nær framtid. Ordninga har ei samla ramme på 100 millionar kroner.

Til toppen