Historisk arkiv

Eli Telhaug ny departementsråd i Arbeids- og sosialdepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Eli Telhaug (53) vart i statsråd i dag utnemnd til ny departementsråd i Arbeids- og sosialdepartementet. Telhaug tek over etter Ellen Seip som går av med pensjon.

Eli Telhaug kjem frå stillinga som departementsråd i Barne- og likestillingsdepartementet der ho har vore sidan 2012.

Ho har tidlegare vore assisterande departementsråd i Kunnskapsdepartementet, og har arbeidd både ved Statsministerens kontor og i Finansdepartementet. I Finansdepartementet arbeidde ho frå 1987 til 2007, mellom anna som avdelingsdirektør og ekspedisjonssjef.

– Eli Telhaug har solid innsikt i administrativ leiing av eit departement. Med hennar breie erfaring og forståing for prosessar i departementa, er eg trygg på at ho vil gjere ein god jobb som departementsråd, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Eli Telhaug er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole. Telhaug tiltrer frå den dato departementet avgjer. 

Portrettbilde av Eli Telhaug
Foto: Ilja C. Hendel