Enda ei styrking av digitale helsetilbod i kommunane

Helsedirektoratet deler i dag ut nye 14,5 millionar kroner som del av Helseteknologiordninga. Midla skal gå til å styrke digitale helsetenester i kommunane.

Då Helsedirektoratet i fjor haust gjekk ut og inviterte kommunane til å sende inn søknader om gode prosjekt for å styrke dei digitale helsetenestene, mottok dei heile 180 søknader for til saman 332,1 millionar kroner. 66 blei tilgodesett med midlar for til saman 56,7 millionar kroner.

Fordi ordninga var så vellukka, og fordi det var så mange gode søknader som ikkje nådde opp ved første tildeling, blei 14,5 millionar kroner i mindreforbruk frå Nasjonalt velferdsteknologiprogram overført i ei ny tildeling frå Helseteknologiordninga.

Heilt i tråd med kva regjeringa vil

– Helseteknologiordninga er bygd opp på ein måte som er heilt i tråd med den nye digitaliseringspolitikken vi la fram i Nasjonal helse- og samhandlingsplan og vegkart for helsenæringa. Det er fagfolka på bakken som veit kva behov som er viktig i deira kommune, og derfor er det så viktig at regjeringa støtter opp under det lokale ansvaret for digitalisering, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

– Det er ikkje noko tvil om at vi har treft med Helseteknologiordninga, og det var derfor også heilt naturleg å legge til rette for ei ny tildeling.

32 ulike prosjekt tilgodesett

Potten på 14,5 millionar kroner går høvesvis til 16 gode prosjekt som ikkje nådde opp i første tildelingsrunde, og til 16 prosjekt som fekk innvilga midlar i februar og som no får auka tilskotsramme.

Den største delen av potten går til prosjekt innan velferdsteknologi, medan resten går til prosjekt innan digital heimeoppfølging (helsedirektoratet.no) og journalløysingar.

Premierer dei som går saman

Slik som i den første runden har Helsedirektoratet valt å premiere kommunar som går saman og føre i si satsing.

– Både Bergen, Nordre Follo, Kristiansand og Verdal gjer alle dette på ulike område. Eg gler meg til å sjå kva dei ulike prosjekta deira fører til, seier Vestre.

– Felles for alle desse prosjekta er at dei har eit stort potensial for å vere arbeidssparande for helsepersonell og den vil kunne gi auka tryggleik for pasientar og pårørande.

Digital heimeoppfølging

Innan digital heimeoppfølging har Bardu kommune fått ei tildeling på 700 000 kroner for å etablere et kompetansenettverk i Midt-Troms, medan Båtsfjord kommune får 400 000 kroner for innføring av tryggleikssensorar og medisindispensarar.

Også Lurøy og Seljord kommunar er tilgodesett for prosjekt innan digital heimeoppfølging.

– Sjølvsagt skal heile landet vere med når vi i fellesskap skal utvikle dei digitale helsetenestene vi skal nytte i framtida. Ein viktig del av grunnen til at nettopp desse kommunane er valt ut er at nettopp fordi dei er vurdert å ha viktig erfarings- og overføringsverdi til andre tilsvarande kommunar i sin region, fortel Vestre.

Kva er Helseteknologiordninga?

  • Regjeringa føreslo i statsbudsjettet for 2024 å opprette ei helseteknologiordning retta mot landets kommunar og fylkeskommunar.
  • Formålet med ordninga er å stimulere kommunar til å samordne seg og legge til rette for investeringar, anskaffingar og innføring av betre teknologiske løysingar.
  • Totalt 150 millionar kroner er satt av i budsjettet til ordninga. Dei 14,5 millionane ved denne tildelinga kjem i tillegg. Tilskota blir mellom anna gitt til velferdsteknologi, digital heimeoppfølging og journal- og samhandlingsløysingar. I tillegg skal Helseteknologiordninga også gi rettleiing og fagleg støtte.
  • Tildelinga tysdag 30. april er den tredje tildelinga frå Helseteknologiordninga så langt i 2024.