Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Endeleg kjem Sotrabrua

- Regjeringa jobbar for at folk og næringsliv skal få ein enklare reisekvardag. På Sotra har folk venta lenge på ny veg, Difor er det ein gledens dag når konkurransa om bygginga av Sotrasambandet no startar. Noregshistorias største anleggskontrakt skal løyse opp iflaskehalsar og vert ei stor forbetring for alle som er avhengige av bilen seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Konkurransen om å bygge ut rv.555 Sotrasambandet vert no lyst ut. Det skal byggast ny firefelts veg med ny Sotrabru, tre mindre bruer og 4 toløpstunnelar samt eigne felt for kollektivtrafikk samt gang- og sykkelveg.

Vegen har i dag varierande standard, og 30.000 bilar nyttar han dagleg.Dagens bru er einaste veg over til Øygarden, og mange opplev køer når dei skal til og frå arbeid.

Best mogleg kontrakt

Utbygginga av Sotrasambandet skal gjennomførast i eit såkalla offentleg-privat samarbeid (OPS-prosjekt). Det inneber at eit selskap skal bygge, finansiere og ha ansvar for drift og vedlikehald i 25 år.

- Vi har gode erfaringar med OPS-prosjekt tidlegare. Vi ser ofte at utbygginga vert gjennomført raskare og billigare. Det håpar vi vert tilfelle for Sotrasambandet òg. Det er ei stor og vanskelig utbygging med mykje trafikk i området, så entreprenøren får ein krevjande oppgåve, seier samferdselsministeren.

Byggestart 2021

Dei som vel å gje tilbod skal deretter gjennom ei prekvalifisering før ein leverandør vert valgt. Det leggast opp til at spaden går i jorda på prosjektet i 2021. Utbygginga er berekna til fem år.

Utlysinga er offisielt sendt ut i dag, men vert ikkje tilgjengeleggjort før etter nyttår grunna heilagdagane.

- Eg håpar dette er ei god førjulsgåve frå regjeringa til heile Sotra-samfunnet,  seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Til toppen