Endrar introduksjonslova

I går behandla Stortinget forslag til endringar i introduksjonslova. Endringane skal bidra til at fleire innvandrarar gjennomfører introduksjonsprogrammet og opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

- Det å ta imot flyktningar handlar ikkje berre om busetting, det handlar også om kvalifisering og integrering. Introduksjonsprogrammet og opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar er sentrale verkemiddel for at dei skal kome seg raskt ut i arbeid eller utdanning. Eg ynskjer å styrke dette verkemiddelet, og er derfor glad for at eit enstemmig Storting no har gitt si tilslutning til å endre lova, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP).

Tre endringar

Stortinget behandla tre endringar i introduksjonslova som vil tre i kraft frå 1. januar 2016:

  1. Det skal vere mogleg å få permisjon frå introduksjonsprogrammet ved tilbod om arbeid. Det vil gi den enkelte tryggleik i den fyrste sårbare perioden i arbeidslivet, og moglegheit for å gå tilbake dersom erfaringa frå arbeidslivet er at vedkomande treng meir grunnleggande erfaring.
  2. Initiativet til å starte opplæringa vert overført frå den enkelte til kommunen. Dermed vert kommunane si plikt til rettleiing om rettar og pliktar den enkelte har til opplæring skjerpa.
  3. Den enkelte deltakaren må dokumentere kunnskapar om samfunnet for å få fritak frå plikt til opplæring i 50 timar samfunnskunnskap. I dag er det mange som søkjer og får fritak frå plikt til opplæring i samfunnskunnskap fordi dei er kome på eit nivå der dei skal ha tilstrekkelege kunnskapar i norsk. Dette er uheldig fordi dei då ikkje får den viktige lærdomen frå samfunnskunnskap som ein del av norskopplæringa.

Kommunane må tilpassa introduksjonsprogrammet og opplæring i norsk og samfunnskunnskap på ein god måte for å nytta arbeidskrafta til innvandrarar.

- Kommunane må utnytta den fleksibiliteten som allereie ligg i lova. Det er også viktig at kommunane samarbeider systematisk med næringslivet lokalt for å få til gode resultat av ordninga, seier statsråden.

Stor variasjon

I tillegg til endringane i introduksjonslova, har Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet gitt Fafo i oppdrag å evaluere introduksjonsordninga og opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Målet er å sjå kva som gir gode resultat i arbeidet med kvalifisering av innvandrarar i kommunane og vurdere vidareutvikling av ordninga.

- For få av dei som avsluttar introduksjonsprogrammet kjem seg ut i arbeid. Dette gjeld særleg kvinner. Nokre kommunar er gode på integrering, kvalifisering og norskopplæring, medan andre ikkje får det like godt til. Eg er derfor glad for at vi no får ei grundig evaluering av desse ordningane for å sjå kva tiltak vi kan gjere for å betre integreringa, seier Solveig Horne.