Historisk arkiv

Viktige endringar i barnevernlova på plass

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Frå i dag er samtaleprosess i fylkesnemndane, rett til ettervern opp til 25 år og krav til årleg tilstandsrapportering av barneverntenestane ein del av barnevernloven. Det vil styrke barnevernet og rettighetane til barna.

Jente ser ut av vinduet
Foto: Colourbox

- Bruk av samtaleprosess kan senke konfliktnivået mellom barneverntenesten og foreldra og bidra til mindre bruk av tvangsvedtak. Færre tvangsvedtak er i samsvar med prinsippet om minst inngrep og retten til familieliv. Ved å innføre dette som ei varig ordning i fylkesnemndane meiner eg det vil skape meir tryggleik for barnet, og færre tyngande rettsprosessar, seier barne- og familieminster Ida Lindtveit Røse (Krf)

- Dei fleste treng hjelp til voksenlivet. Med ei grense opp til 25 år for ettervern, vil færre som har opplevd omsorgssvikt falle utenfor som unge voksne. Den nye grensa krev finansiering, og det vil vi sjå nærare på i budsjettprosessen, fortel Røse.

- Kommunestyret må være tett på barnevernet. Årleg krav om tilstandsrapportering frå barneverntenesten gjer at kommunen jevnlig må vurdera om kvaliteten og bemanninga i barnevernstenesten er god nok. Det vil og synleggjere kommunane som ikkje prioriterar barnevernet, påpeiker barne- og familieministeren.

- Vi har fullt trykk på å gjere barnevernet betre for å sikre barna ei trygg og god oppvekst. Endringane i barnevernlova er tiltak som haster. Eg er difor svært fornøgd med at nokre av endringane innførast allereie 1. juli, avsluttar barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse.

Samtaleprosess er ein ny form for handsaming av tvangssaker i fylkesnemndane og er basert på dialog. Ordningen er frivillig for både foreldra og barneverntenesten. Han tek utgangspunkt i meklingsteori og kan føre til færre tvangsvedtak. Ordninga kom til som eit forslag frå regjeringa, etter at ei prøveordning i nemndane kunne vise til gode resultater.

Endringane som er vedtatt i barnevernlova

  • Auka aldersgrense for rett til ettervern frå 23 år til 25 år.
  • Innføring av samtaleprosess.
  • Innføring av krav om årleg tilstandsrapportering til kommunestyret.
  • Endring i fylkesnemndas stedlege virkeområde, som blant anna åpner for at det kan være fleire nemnder i eit fylke.
  • Betre vern av barn med skjult adresse.

Det er delt ikraftsetting av loven. Samtaleprosess som en varig ordning i fylkesnemnda trer i kraft frå 1. juli 2020.  Rett til ettervern fram til fylte 25 år krever auka løyvingar til kommunane, og vi vil komme tilbake til det når denne endringa vil tre i kraft. Dei øvrige endringane trer i kraft 1. januar 2021.