Endringar i konkurransefremjande tiltak i meierisektoren

Endringane i dei konkurransefremjande tiltaka som i sommar var på høyring vil bli sett i verk frå 1. juli 2024. Endringane medfører at hovuddelen av tiltaka blir ført vidare. Med dette blir det lagt godt til rette for utvikling, mangfald og konkurranse i meierisektoren og konkurrentane til Tine vil framleis ta i mot 150 millionar kroner årleg i konkurransefremjande tilskot.

Dei konkurransefremjande tiltaka i meierisektoren i si nåverande form har eksistert sidan 2007, men har i fleire rundar blitt justert og tilpassa utviklinga i marknaden. Regjeringa varsla i mars i år endringar i tiltaka. I juli vart dei konkrete endringsforslaga sendt på høyring. Regjeringa har vedteke at forslaga som var på høyring skal setjast i verk frå 1. juli 2024. Endringane er:

  • Satsen for differensierte avgifter og tilskot blir auka frå 27 øre til 30 øre per liter og det blir innført eit tak på 90 millionar kroner på ordninga.
  • Distribusjonstilskotet blir avvikla.
  • Den særskilte kapitalgodtgjersla blir vidareført, men den ekstra stimulansen på fem øre per liter blir fjerna.

Med endringane vil tilskota til Tine sine konkurrentar bli på om lag 150 millionar i året. Det er om lag 50 millionar mindre enn i dag. Dei frigjorte midlane i ordninga vil styrke norsk mjølk si konkurransekraft. Q-Meieriene aleine vil etter dette framleis ta i mot meir enn 100 millionar kroner årleg i tilskot over dei konkurransefremjande tiltaka.

– Med dette vidarefører vi sterk stimuli for konkurransen i mjølkesektoren. Samstundes stansar vi distribusjonstilskotet for flytande mjølkeprodukt. Vi har registrert at det har vore motstand mot dette, men eg meiner etter grundige vurderingar at det er riktig å fjerne dette tilskotet. Det kan ikkje påvisast at Q-Meieriene eller Rørosmeieriet har høgare kostnader ved distribusjon frå meieri til butikk enn det Tine har. Vi ser no at Q-meieriene har 40-50 prosent marknadsandel i sentrale strøk. Dette er ein heilt anna situasjon enn kva som var tilfelle da tilskotet vart innført, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).  

– Prisutjamningsordninga for mjølk er naudsynt for å oppretthalde mjølkeproduksjon over heile landet. Endringane vi gjer no vil bidra til å styrke denne ordninga og eg er godt nøgd med å ha fått landa denne saka. Vi legg ikkje opp til at det vil bli gjort andre større endringar i dei konkurransefremjande tiltaka i denne stortingsperioden, seier Pollestad.

Vidare prosess

Etter ei totalvurdering ser vi at det ville vore krevjande for aktørane å tilpasse seg endringane allereie frå 1. januar som var varsla i høyringa. Endringane vil derfor vere gjeldande frå 1. juli 2024. Dei konkrete endringane i forskrift om prisutjamningsordninga for mjølk vil verte fastsett på nyåret.