Endringar i lovar og forskrifter frå 1. januar 2026 frå Helse- og omsorgsdepartementet
Nyheit | Dato: 22.12.2025 | Sist oppdatert: 09.01.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Her er ei oversikt over viktige regelendringar frå 1. januar på Helse- og omsorgsdepartementet sitt ansvarsområde.
Ny forskrift om forbod mot sal av energidrikk til barn under 16 år
Frå 1. januar blir ei ny forskrift om forbod mot sal av energidrikk til barn under 16 år sett i kraft. Forbodet blir innført for å verne barn mot dei negative helseeffektane av energidrikk.
Forskrifta gjeld alle verksemder som sel energidrikk. Når det er grunn til å tvile på at ein kjøpar har fylt 16 år, skal seljaren be om legitimasjon.
Nye røykeforbod og forbod mot fjernsal frå utlandet av tobakksvarer og e-sigarettar
Det blir innført røykeforbod på utandørs idrettsområde og leikeplassar, og i private bilar når barn er til stades. I tillegg blir det innført eit nytt forbod mot grensekryssande fjernsal av tobakkvarer og e-sigarettar. Forslaga er ei oppfølging av den nasjonale tobakksstrategien til regjeringa og har som formål å betre vernet mot passiv røyking og redusere tilgangen mindreårige har til tobakk- og nikotinprodukt.
Endringane er gjennomførte på bakgrunn av Prop. 116 L (2024–2025) Endringer i tobakksskadeloven, strålevernloven og atomenergiloven (utvidelse av røykeforbudene og forbud mot grensekryssende fjernsalg). Ny forskrift om gebyr for brot på røykeforbodet i private køyretøy med barn til stades blei vedtatt 12. desember 2025.
- Lov om endringer i tobakksskadeloven, strålevernloven og atomenergiloven (utvidelse av røykeforbudene og forbud mot grensekryssende fjernsalg) (lovdata.no)
- Forskrift om gebyr for brudd på røykeforbudet i private kjøretøy med barn til stede (lovdata.no)
Ny grenseverdi for PFAS i drikkevatn
Frå 1. januar blir det innført ein ny grenseverdi for sum 4 PFAS i drikkevassforskrifta. Grenseverdien på 4 ng/l gjeld summen av PFOA, PFNA, PFHxS og PFOS.
Vassverkseigarane får med dette ein konkret grenseverdi for PFAS som dei må rette seg etter. Dei må også sørge for oppdatert farehandtering og nødvendige vassprøver.
- Endringar i drikkevassforskrifta (lovdata.no)
- Ny grenseverdi for PFAS i drikkevatn frå 01.01.2026 (mattilsynet.no)
Heimel om gebyr for brot etter atomenergilova og strålevernlova
Atomenergilova § 55 a og strålevernlova § 23 a, som gir Direktoratet for strålevern og atomtryggleik heimel til å ilegge gebyr for brot på nærare fastsette føresegner, tar til å gjelde 1. januar 2026. Det blir samtidig innført heimel for å ilegge gebyr for brot på forskriftene til desse lovene.
Endringane er gjennomførte på bakgrunn av Prop. 116 L (2024–2025) Endringer i tobakksskadeloven, strålevernloven og atomenergiloven (utvidelse av røykeforbudene og forbud mot grensekryssende fjernsalg). Det blir også innført forskrifter om ilegging og utmåling av gebyra.
- Delt ikraftsetting av lov 22. juni 2018 nr. 76 om endringer i alkoholloven, atomenergiloven, folkehelseloven, legemiddelloven, lov om medisinsk utstyr og strålevernloven (overtredelsesgebyr mv.) (lovdata.no)
- Forskrift om endring i forskrift om fysisk beskyttelse av nukleært materiale og nukleære anlegg (lovdata.no)
- Forskrift om endring i forskrift om besittelse, omsetning og transport av nukleært materiale og flerbruksvarer (lovdata.no)
- Forskrift om endring i forskrift om strålevern og bruk av stråling (strålevernforskriften) (lovdata.no)
- Forskrift om ileggelse og utmåling av overtredelsesgebyr etter strålevernloven (lovdata.no)
- Forskrift om ileggelse og utmåling av overtredelsesgebyr etter atomenergiloven (lovdata.no)
Revisjon av folkehelselova
Fleire av endringane i den reviderte folkehelselova er meinte å gjere lova enklare og meir heilskapleg. Føresegnene som rettar seg mot kommunane, er samla, og krava til kommunar, fylkeskommunar og stat heng no betre saman. Den reviderte lova inneheld dessutan tydelegare krav til helseberedskap og vern av folkehelsa.
Endringane er gjennomførte på bakgrunn av Prop. 82 L (2024–2025) Endringer i folkehelseloven m.m. (krav til systematisk og kunnskapsbasert folkehelsearbeid, helsemessig beredskap).
- Vedtak til lov om endringer i folkehelseloven m.m. (krav til systematisk og kunnskapsbasert folkehelsearbeid, helsemessig beredskap) (stortinget.no)
- Lov om endringer i folkehelseloven m.m. (krav til systematisk og kunnskapsbasert folkehelsearbeid, helsemessig beredskap) (lovdata.no)
Endringar i blåreseptforskrifta
Ansvaret for finansiering av medisinsk forbruksmateriell ved laryngektomi, blødarsjukdom, veksthormonbehandling og nyretransplantasjon blir overført frå folketrygda til dei regionale helseføretaka frå 1. januar 2026, jf. Prop. 1 S (2025-2026). Endringa følger prinsippet om at ansvaret for finansiering skal følge behandlingsansvaret. Utstyr til bruk ved iktyose blir flytta frå bidragsordninga til blåreseptordninga. Flyttinga gir brukarane ein enklare og meir føreseieleg rett til stønad og mindre administrasjon for legar, apotek og Helfo.
Det er også gjort språklege justeringar i § 5 for å tilpasse ordlyden til gjeldande praksis og gjere regelverket meir tydeleg. Justeringane medfører ingen endringar i rettane til pasientane.
Frå 1. januar 2026 skal eigendelen for legemiddel og materiell på blå resept reknast per utlevering, ikkje per resept. Medlemmene skal betale 60 prosent av samla utsalspris, men ikkje meir enn 400 kroner per utlevering. Barn under 16 år og minstepensjonistar er framleis fritatt for eigendel. Endringa gjer ordninga enklare og meir føreseieleg for pasientane, reduserer administrasjon for legar, apotek og Helfo, og hindrar fleire eigendelar ved same utlevering. Betalte eigendelar tel med i opptening til eigendelstaket.
Justering av satsane i pasientreiseforskrifta
Justeringane gjeld pasientar, følgepersonar og pårørande sine rettar til å få dekt utgifter ved reise til helsetenester (pasientreiseforskrifta).
Forskrifta blir endra med justering av satsane for dekning av utgifter til pasientreiser. Dette gjeld satsar for kostgodtgjersle, overnatting, tapt arbeidsinntekt og reiseutgifter/kilometergodtgjersle.
Endringar i forskrift om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta
Satsane for eigendel for poliklinisk helsehjelp og bildediagnostikk blir auka. Det same gjeld gebyret for å ikkje møte opp.
Endringar i forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos psykolog
Eigendelane blir auka, og takstane for refusjon blir justerte tilsvarande ned.
Endringar i poliklinikkforskrifta
Fleire refusjonssatsar er endra mellom anna på grunn av prisregulering, underregulering og overføring av midlar til dei regionale helseføretaka sine basisløyvingar. I tillegg er eigendelane auka.
Endringar i forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling i private medisinske laboratorie- og røntgenvirksomheter
Fleire refusjonssatsar er endra mellom anna på grunn av prisregulering, underregulering og overføring av midlar til dei regionale helseføretaka sine basisløyvingar. I tillegg er eigendelane auka.
Forskrift om endring i forskrift om menerstatning ved pasientskader
Meinerstatning er erstatning for varig og betydeleg medisinsk skade som avgrensar høvet til livsutfalding. Varig medisinsk invaliditet blir fastsett med grunnlag i ein invaliditetstabell, ut frå det funksjonstapet som skaden eller sjukdommen medfører.
Frå 1. januar 2026 blir fire nye underpunkt på området psykiske lidingar tatt inn i tabellen i tillegg til eit nytt samla punkt om skade på urinvegar og eit nytt punkt om følgetilstandar etter kreftsjukdom.
Forskriftsendringar for fastlegane
Den nye forskrifta vidarefører store delar av den gjeldande forskrifta, men tydeleggjer kommunen sitt ansvar og fastlegen sitt ansvar og oppgåver.
Samtidig blir det med forskrift om standarder og nasjonale e-helseløsninger sett krav til fastlegar om å tilby digital timebestilling på den offentlege innbyggarportalen helsenorge.no, og frå 1. april 2026 kjem det krav om at alle fastlegar skal tilby digitale tenester, inkludert konsultasjonar via video, tekst og telefon i tilfelle som er eigna for det.
Den øvre aldersgrensa for å arbeide som fastlege blir heva frå 75 til 80 år i tilfelle der både kommunen og legen ønsker det.
Endringar i plikt til bruk av og betaling for nasjonale e-helseløysingar
Det er gjort endringar i forskrift om standarder og nasjonale e-helseløsninger. Betalinga for dei nasjonale e-helseløysingane blir endra for kommunar, regionale helseføretak og andre aktørar.
Frå 1. juli 2026 blir det innført ei plikt for sjølvstendig næringsdrivande fastlegar og kommunane for kommunalt tilsette fastlegar til å gjere tenestene e-kontakt (administrativ kontakt med legekontor) og reseptfornying tilgjengelege på helsenorge.no. Endringane tar til å gjelde frå 1. januar 2026.
Saka blir oppdatert med lenke til Lovdata.
Endringar i kompetansekrav til legar i den kommunale helse- og omsorgstenestenesta
Med verknad frå 1. januar 2026 blir det gjort endringar i forskrift om kompetansekrav for legar. Kompetansekrava til legar i kommunane skal medverke til trygge og gode tenester til innbyggarane, gi legane tryggleik for eigen kompetanse og tryggleik for at fagleg støtte er tilgjengeleg når dei skal arbeide sjølvstendig. Kompetansekrava for legar er utforma slik at dei balanserer omsynet til kvalitet og pasienttryggleik mot omsynet til rekruttering og tilstrekkeleg tilgang på legar og kommunalt handlingsrom.
- Forskrifta stiller som hovudregel krav om at legar skal ha spesialistgodkjenning eller vere i ferd med å ta å andre eller tredje del av spesialistutdanninga.
- Det blir gitt unntak frå hovudregelen.
- Det blir sett som krav at ein skal ha nådd læringsmåla i første del av spesialistutdanninga for å ha legevakt som einaste lege på vakt. Tilsvarande kompetansekrav blir sette til legar som skal vere bakvakt.
- Det er gjort strukturelle endringar for å forenkle regelverket. Kompetansekrava til legar i den kommunale helse- og omsorgstenesta er samla i forskrift om kompetansekrav for legar, som inkluderer kompetansekrav til lege i legevakt.
Endringar av fribeløp og eigendel for kommunale helse- og omsorgstenester for 2026
Frå 1. januar 2026 gjeld desse fribeløpa og eigendelane med heimel i forskrift om egenandeler for kommunale helse- og omsorgstjenester:
- Fribeløpet ved langtidsopphald i institusjon blir sett opp frå 10 450 kroner til 10 950 kroner.
- For korttidsopphald på institusjon blir maksimal eigendel sett opp frå 200 kroner til 205 kroner per døgn. Satsen for eit dag-/nattopphald blir uendra på 115 kroner.
- Langtidsbebuarar på sjukeheim som blir lagde på dobbeltrom utan at dei har ønskt det sjølv, får redusert eigendel ved at fribeløpet blir sett opp frå 50 500 kroner til 52 950 kroner.
- Maksimal eigendel per månad for heimetenester i hushald med samla inntekt under 2 G blir sett opp frå 240 kroner til 245 kroner.
- Forskrift om endring i forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester (lovdata.no)
- Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester (lovdata.no)
Endringar i forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege
1. januar 2026 blir stønadsforskrifta endra slik at fastlegen kan få refundert takst for konsultasjon utført av sjukepleiar ved fastlegekontoret dersom konsultasjonen er delegert av legen.
Formålet med endringa er å legge til rette for betre oppgåvedeling, meir tverrfagleg praksis og større kapasitet på legekontora.
- Forskrift om endring i forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege (lovdata.no)
- Forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege (lovdata.no)
Endringar i forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos tannlege og tannpleier for sykdom
1. januar 2026 blir det gjort endringar i forskrift om stønad til dekning av utgifter til tannbehandling i § 1 nr. 2, ved at rett til stønad ved behandling av leppe-kjeve-ganespalte igjen blir finansiert over folketrygda og tatt tilbake i forskrifta.