Ny lov om vern av marin natur utanfor territorialfarvatnet (havvernlova)

Lova gir heimel til å opprette marine verneområde i alle norske havområde utanfor territorialfarvatnet, dvs. i 200-milssonane ved fastlands-Noreg, Svalbard og Jan Mayen, og på kontinentalsokkelen. Det har hittil berre vore mogleg å opprette marine verneområde i farvatnet ut til territorialgrensa ved 12 nautiske mil. Den nye lova blir difor eit særs viktig verkemiddel for å gjennomføre nasjonale og internasjonale mål om vern av natur i dei store havområda som Noreg forvaltar utanfor dei meir kystnære farvatna.

Vernereglane i havvernlova byggjer på reglane om områdevern i naturmangfaldlova, men med naudsynte tilpassingar for dei områda lova skal gjelde for. I verneområde som blir oppretta etter lova vil aktivitet og verksemd som kan skade naturverdiane vere forboden. Verneområde etter lova kan òg bidra til å bevare område som er viktige for naturen si evne til å binde og lagre karbon, eller natur som kan redusere dei negative verknadane av eit endra klima. 

Lov om bevaring og berekraftig bruk av marint naturmangfald i område utanfor nasjonal jurisdiksjon (trer i kraft 17. januar 2025)  

Lova og lovendringane har til hensikt å gjennomføre avtale under FNs havrettskonvensjon om bevaring og bruk av marint biologisk mangfald i område utanfor nasjonal jurisdiksjon. Lovforslaget inneber gjennomføring av føresegner i avtalen om marine genetiske ressursar.

Ny vass- og avløpsanleggslov og endringar i forureiningslova

Endringane i forureiningslova inneber at kommunen kan fjerne overvatn frå overbelasta avløpsanlegg. Kommunen får nå rett til å påleggje innbyggjarar som mottek kommunale avløpstenester, å kople overvatn frå det kommunale avløpsanlegget så lenge det finst andre forsvarlege måtar å handtere overvatnet på. Dersom det ikkje finst naturlege løysingar for overvatnet, kan kommunen påleggje innbyggjarar å sørgje for tiltak. I tillegg er det tatt inn ein tydelegare definisjon av avløpsanlegg og overvatn i forureiningslova. 

Ny vass- og avløpsanleggslov vidarefører i stor grad føresegner i gjeldande vass- og avløpsanleggslov. I tillegg fastset lova nye plikter og rettar for både eigar og brukarar av kommunale vass- og avløpsanlegg. Kommunen får ei klar plikt til å levere vass- og avløpstenester til alle abonnentar med tilknyting. Abonnentane får ei plikt til å bruke tenestene på ein måte som ikkje øydelegg for andre brukarar. Brot på reglane i lova kan sanksjonerast. Føresegnene gjer reglane meir føreseielege, samtidig som at klagetilgang i forvaltningslova gir større rettstryggleik.

Ny vass- og avløpsanleggslov trer i kraft 1. januar 2026, og erstattar lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg (vass- og avløpsanleggslova) som blir oppheva frå same tid. Gebyrforskriftar med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter vidareførast ikkje etter den nye lova.

Endring av forureiningsforskrifta kapittel 19 om samansetning og bruk av dispergeringsmidlar og strandreinsemiddel for å motverke oljeforureining (dispergeringsforskrifta)

Endringa medfører at forskrifta er sjølvberande og at ho også inkluderer undervassdispergering.

Ei sjølvberande forskrift betyr at det ikkje krevst søknad for bruken av dispergering, så lenge denne oppfyller kriteria. Dette gjer at ein kan komme raskare i gang med bruk av dispergeringsmidlar og strandreinsemiddel under aksjonar, fordi den ansvarlege ikkje treng å søkje Kystverket om løyve til bruk. Krava til dokumentasjon blir endra som følgje av at forskrifta blir sjølvberande.

Undervassdispergering er ein metode for å få bukt med oljeforureining frå utblåsingar som skjer ved havbotnen og med potensial for meir effektiv dispergering og bruk av mindre mengder dispergeringsmiddel enn ved overflatedispergering. Forskrifta har tidlegare ikkje omfatta slik dispergering.

Innføring av straffegebyr for radioaktiv forureining og radioaktivt avfall (endringar i forskrift om bruken til forureiningslova på radioaktiv forureining og radioaktivt avfall, forureiningsforskrifta og avfallsforskrifta)

Forskriftsendringane inneber at det kan bli gitt straffegebyr for brot på reglar om radioaktiv forureining og radioaktivt avfall. Endringa skal sikre meir effektiv handheving og betre etterleving av regelverket, og vil ha ein allmennpreventiv effekt.

Forskrifta vart fastsett og tredde i kraft 5. desember 2025.

Innføring av utvida produsentansvar for enkelte eingongsprodukt av plast (avfallsforskrifta)

Forskriftsendringane innfører eit utvida produsentansvar for enkelte eingongsprodukt av plast. Forskrifter pålegg nye plikter for produsentar/importørar av enkelte eingongsprodukt av plast, inkludert å dekkje kostnadene for kommunane knytte til opprydding og innsamling av avfall frå produkta deira frå offentlege stader.

Forskrifta vart fastsett og tredde i kraft 12. november 2025.

Det vart samtidig innført plikt om kostnadsdekning, separat innsamling og medlemskap i produsentansvarsselskap for eingongs drikkebeger i plast som ikkje er emballasje (avfallsforskrifta kapittel 7). Denne forskrifta vart fastsett og tredde i kraft 17. november 2025.

Innføring av utvida produsentansvar for utstyr frå fiskeri, fritidsfiske og akvakultur som inneheld plast (nytt kapittel 7b i avfallsforskrifta.)

Forskriftsendringa innfører eit utvida produsentansvar for utstyr frå fiskeri, fritidsfiske og akvakultur som inneheld plast.

Dette er ei ny produsentansvarsordning som pålegg produsentane å dekkje nødvendige kostnader for separat innsamling av kassert fiskeutstyr med etterfølgjande transport og behandling. Ordninga gir dermed produsentane ansvar for produkta deira også når dei blir avfall.  Forskriftsendringa følgjer opp EUs direktiv om plastprodukt og trer i kraft 1. januar 2026.

Forskrift om endringar i forskrift om avgrensing i bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og andre produkt, kapittel 3. Omsetningskrav for biodrivstoff og berekraftskriterium for biodrivstoff og flytande biobrensel

Endringane inneber ei gradvis skjerping av omsetningskrava for biodrivstoff i fleire sektorar frå 2026 og 2027. I vegtrafikken blir  kravet til bruk av  biodrivstoff auka til 20 prosent i 2026 og 21 prosent i 2027, samstundes som krava til avansert biodrivstoff og drivstoff laga av avfall og restar blir skjerpa. Også i sjøfart, luftfart og for andre formål blir kravet til bruk av biodrivstoff trappa opp. I tillegg blir det innført eigne minimumskrav til avansert biodrivstoff på tvers av vegtrafikk, sjøfart og andre bruksområde (ikkje-veggåandre maskinar). Drivstoff og brensel som blir frakta til Svalbard og Jan Mayen, blir frå 2026 unnatekne frå krava.