Endringar i lovgjevinga som følgje av innføring av kjønnsnøytral tittel på fylkesmannen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjer i dag framlegg om endringar i lovgjevinga som følgje av innføring av kjønnsnøytral tittel på fylkesmannen.

Namnet på fylkesmannen vart ved kongeleg resolusjon 18. desember 2020 endra til statsforvalteren på bokmål og statsforvaltaren på nynorsk, med verknad frå 1. januar 2021. Namnet statsforvalteren/statsforvaltaren vert òg nytta på verksemda.

Om lovproposisjonen

Om lag 100 lover inneheld omgrepet fylkesmannen. Fylkesmannen er omtalt i kraft av rolla som klageorgan, tilsynsorgan, godkjenningsorgan eller styresmakt på ulike fagområde.

Lovframlegget er delt opp i ti ulike delar for kvar språkleg endring av omgrepa. Ved sidan av "fylkesmannen" vert og nemningane  "fylkesmann", "fylkesmannsembete", "fylkesmannens", "fylkesmenn" og "fylkesmennene" endra.

Framlegget gjeld òg nytt namn på tidlegare fylkesmannsembeta Oslo og Akershus og Sør-Trøndelag, til høvesvis Statsforvalteren i Oslo og Viken og Statsforvalteren i Trøndelag.