Prop. 77 L (2020–2021)

Endringar i lovgjevinga som følgje av innføring av kjønnsnøytral tittel på fylkesmannen

Proposisjonen inneheld framlegg om endringar i lovgjevinga som føljge av innføring av kjønnsnøytral tittel på fylkesmannen. Namnet på fylkesmannen vart endra til statsforvalteren/statsforvaltaren frå 1. januar 2021. Om lag 100 lover inneheld omgrepet fylkesmannen. Fylkesmannen er omtalt i kraft av rolla som klageorgan, tilsynsorgan, godkjenningsorgan eller styresmakt på ulike fagområde. Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjer no framlegg om endringar i lovgjevinga slik at "fylkesmannen" vert endra til "statsforvalteren" på bokmål og "statsforvaltaren" på nynorsk. Dette namnet vert og nytta på verksemda. Vidare gjer regjeringa framlegg om tilsvarande endringar i lovføresegner der omgrepa "fylkesmann", "fylkesmannsembete", "fylkesmannens", "fylkesmenn" "fylkesmennene" og der tilvisingar til konkrete fylkesmannsembete vert nytta.

Les dokumentet

Følg proposisjonen på Stortinget