Endringar i lover og forskrifter frå 1. juli 2025 frå Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 24.06.2025 | Klima- og miljødepartementet
Her er ei oversikt over viktige regelendringar frå 1. juli på ansvarsområdet til Klima- og miljødepartementet.
Endringar i forureiningslova
Lovendringa inneber ein ny heimel for forureiningsstyresmakta til å gi forskrift om grensekryssande sendingar av avfall. Endringa sikrar at Noreg kan gjennomføra EUs nye grensekryssforordning.
Endringar i avfallsforskriften knytt til utvida produsentansvar for emballasje
Endringane inneber blant anna tydeleggjering av pliktane produsentane har til å dekkje naudsynte kostnader til innsamling og behandling av emballasjeavfall. Vidare får alle produsentar plikt til å vere medlem i eit produsentansvarsselskap, og produsentansvarsselskapa skal vere utan økonomisk formål.
- Forskrift om endring i avfallsforskriften kapittel 6 - Lovdata
- Forskrift om endring i avfallsforskriften kapittel 7 - Lovdata
Plikt til henteordning for glas- og metallemballasje
Nye krav i avfallsforskrifta kapittel 10a om utsortering av papp- og papiravfall, glas- og metallemballasje og tekstilavfall frå hushaldsavfall og hushaldsliknande næringsavfall trådde i kraft 1. januar i år. Forskriftsendringa inneber at frå 1. juli har kommunar plikt til å ha på plass henteordning for glas- og metallemballasje.
Forbod mot bruk av fossil gass til byggvarme
Forskrift om endringar i forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar blir utvida til også å gjelde bruk av fossil gass til byggvarme. Endringa inneber også ei avgrensing av kva forbodet dekker, definisjonar, i tillegg til meldeplikt og opplysningsplikt.
Endring av naudverjeretten i naturmangfaldlova
Lova har fram til no opna for at rovvilt (gaupe, jerv, bjørn, ulv og kongeørn) kan avlivast til forsvar for beitedyr i naudverje i situasjonar der angrep var «pågående» eller «umiddelbart forestående». No er naudverjeretten utvida til også å inkludere angrep som er «nær forestående». Eit vilkår om at avlivinga «må anses påkrevd» inneber at det ikkje må vere andre og mindre vidtgåande alternativ enn felling som kan nyttast.
Endringar i reglene om konsekvensutgreiing av kraftleidningar og solkraft
Konsekvensutgreiingsforskriftas vedlegg er endra. Meldeplikta for nye kraftleidningar på 132 kV blir auka frå 15 til 50 kilometer. Det er også fastsett ei meldeplikt for konsesjonspliktige solkraftanlegg og krav om at solkraftanlegg som ikkje krev konsesjon må ha konsekvensutgreiing dersom anlegget kan få vesentlege verknader for miljø eller samfunn.
Endringar i markalova
Markalova får nye reglar om omfanget av og unntaket frå byggeforbodet i Marka og korleis kommunen skal behandle søknader om byggeløyve etter markalova. Lova får oppdaterte reglar om kva bygge- og anleggstiltak kommunale planar kan opne for i Marka. Det blir òg klargjort at i Marka er det reglane om motorferdsel i markalova som gjeld, og ikkje motorferdslelova.
Endringar i lakse- og innlandsfisklova
Reglane om Statens fiskefond og statleg fiskeavgift (§§ 29 og 30). Hovudformålet med endringane er å sikre betre samsvar mellom føresegnene, instruksen for fiskefondet, forskrift om fiskaravgift og måten midlane blir forvalta på i dag.