ESA godkjenner tilskotsordning for nasjonale vekemedium

EFTA sitt overvakingsorgan ESA har konkludert med at endringane som er foreslått i produksjonstilskotet for nyheits- og aktualitetsmedium er i tråd med statstøttereglane i EØS-avtalen.

Avgjerda medfører at den skjønnsbaserte støtteordninga for vekeaviser i regi av Kulturrådet, blir erstatta med ei ny, plattformnøytral tilskotsordning for nasjonale vekemedium. Den nye ordninga skal ligge under Medietilsynet. Tilskotsordninga vil vere ein del av det ordinære produksjonstilskotet og blir tildelt etter same type objektive kriterium. Ordninga vil tre i kraft med verknad frå 2016.

ESA-vedtaket støttar departementet si vurdering av at tilskot til nasjonale vekemedium er eit godt eigna og naudsynt verkemiddel for å fremme mediemangfald i Norge. ESA er òg samd i at det er naudsynt med høgare tilskot til nynorske vekemedium.

- Eg er glad for denne avklaringa, som medfører ei viktig opprydding og modernisering av tilskotet til vekeavisene, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

- For å sikre tilliten til at media er uavhengige, er det viktig å basere statlege støtteordningar på klare og objektive kriterium, slik at forvaltninga i så liten grad som råd må bruke skjønn i sine vurderingar, seier kulturministeren.