Kvotesystemet ETS 2 gjeld utslepp frå forbrenning av brensel i vegtransport, byggje- og anleggssektoren og andre utvalde sektorar. Andre utvalde sektorar inkluderer energiindustriar og industriell produksjon som fell utanfor kvotesystemet ETS1.

Du finn forskrifta her. 

Kva er nytt?

Endringa inneber at selskap som sel brensel, som bensin og diesel, må kjøpe kvotar som svarer til CO₂-utsleppa som oppstår når brenselet blir brukt. Dette gjeld frå 2027. Allereie frå 2025 må desse selskapa rapportere utsleppa sine og få dei kontrollert av ein uavhengig tredjepart.

Kven gjeld det for?

Forskrifta gjeld for såkalla brenselsoperatørar – altså dei som tilbyr brensel i marknaden (til dømes bensinstasjonar). Det er ikkje sluttbrukaren (til dømes bilføraren eller byggjeplassen) som får kvoteplikt, men den som sel brenselet.

Moglegheit for unntak frå kvoteplikt

Forskrifta opnar òg for at Noreg kan få mellombelse unntak frå kvoteplikta i perioden 2027–2030. Det er enno ikkje avgjort om Noreg vil gjere dette, men forskrifta gir rom for å innføre slike unntak seinare dersom det blir aktuelt.

Kvifor gjer vi dette?

Formålet med kvotesystemet er å gjere det dyrare å forureine, og billegare å kutte utslepp. ETS 2 følgjer opp EUs klimamål og skal bidra til å redusere utsleppa i sektorar som tidlegare ikkje har vore omfatta av eit kvotesystem, der utsleppa ikkje har gått særleg ned. Dette er ein viktig del av Noregs arbeid med å kutte klimagassutslepp og bidra til grøn omstilling.