EU foreslår klimamål for Noreg

EU-kommisjonen foreslår eit førebels norsk utsleppsmål for 2030. I den europeiske innsatsfordelinga blir det lagt opp til at Noreg skal kutte utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor med 40 prosent frå 2005 til 2030. Eit endeleg forslag til måltall vil vere på plass etter nærare berekningar frå Kommisjonen.

Ikkje kvotepliktig sektor betyr mellom anna landbruk, avfall, transport og bygg. Kvotepliktig sektor er industri, luftfart, energiforsyning og petroleumsverksemd. I kvotepliktig sektor er Noreg allereie en del av den europeiske klimapolitikken.

- Eg er nøgd med at Noreg med dette får bekrefta at vi skal gjennomføre vårt klimamål saman med EU. Det er viktig ikke minst for den grøne omstillinga i norsk næringsliv at vi har eit forutsigbart klimarammeverk på line med våre næraste handelspartnarar i Europa. Målet på 40 prosent var venta, og vil bety ein akselerering av norsk klimapolitikk. Spesielt innan transport og landbruk vil me sjå store endringar i åra som kjem. Heile samfunnet vårt blir påverka av dei ambisiøse måla.  Dette betyr høgare tempo i omstillinga til lågutsleppsamfunnet, med eit grønt skatteskift og målretta verkemiddel, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Han legg til at Noreg sitt klimamål blir mykje meir bindande enn tidlegare, med utslippsbudsjett, årleg rapportering og femårige oppgjer av rekneskap for utslepp

-Noreg vil oppfylle målet gjennom ein blanding av tiltak heime og ved å gjennomføre utsleppskutt i andre europeiske land, men må vere førebudd på at brorparten av kutta må takast heime, seier Helgesen.

Eit kuttmål på 40 prosent i ikkje-kvotepliktig sektor er det høgste målet eit land kan få. Målet er eit uttrykk for at Noreg har høgt brutto nasjonalprodukt (BNP) jamført med andre land i Europa. Luxembourg og Sverige har òg fått mål om å kutte utsleppa med 40 prosent.

Regjeringa  kjem atttende til korleis målet skal følgjast opp frå norsk side. Regjeringa har blant anna fått utarbeidd eit forslag til klimastrategi for den nye nasjonale transportplana, der transportetatane og Miljødirektoratet angjer moglegheiter for betydelege utsleppsreduksjonar frå transportsektoren.

Bakgrunn:

I dei kvotepliktige sektorane vil Noreg medverke til å redusere utsleppa i Europa med 43 prosent i 2030 jamført med utsleppa i 2005. I dei ikkje-kvotepliktige sektorane skal utsleppa i EU kuttast med 30 prosent frå 2005 til 2030. Innsatsen som er naudsynt for å få til dette skal fordelast mellom landa. Måla til kvart land skal vere i spennet 0 til 40 prosent.

Fordelinga vert gjort ut frå BNP per innbyggjar, der dei rikaste landa må kutte mest. Dessutan skal måla til dei rikaste landa justerast ut frå omsynet til kostnadseffektivitet, slik at måla til dei landa med høgast kostnader vert lågare. Denne omfordelinga mellom dei rikaste vil mellom anna bli gjort på bakgrunn av  modellkøyringar der Kommisjonen har analysert kostnader for dei enkelte landa. Kommisjonen sitt forslag til mål for Noreg er ikkje basert på modellkøyringar, slik tilfellet er for EU-landa. Vårt førebelse mål er i staden berekna ut frå Noreg sitt BNP. Det skal òg gjerast modellkøyringar for Noreg. Etter at desse er ferdige, vil Kommisjonen kome med eit endeleg forslag til norsk mål ut frå same grunnlag som medlemslanda.

Regjeringa vil kome attende med ei sak til Stortinget om den nasjonale oppfølginga av målet "etter at innsatsfordelingen er klar", som Stortinget sjølve har skrive det.

Kommisjonen sitt forslag skal no til Rådet og Europaparlamentet for vidare handsaming der. Det kan difor verte endringar før det endelege regelverket vert fastsett, mellom anna kva gjeld reglane for fastsetting av mål for landa. Det kan dermed ikkje utelukkast at det norske målet vert endra i den vidare prosessen. Det er òg mogeleg at Rådet og Europaparlamentet vil ynskje å gjere endringar i andre deler av Kommisjonens forslag, til dømes reglane om i kva grad dei ulike landa kan samarbeide om utsleppskutt. Ei avtale mellom Noreg og EU kan ikkje forventast før i 2017/2018, etter at EU har vedteke sitt regelverk.

Fleksibilitet

Forslaget opnar for at landa kan nytte såkalla fleksible mekanismar til å oppfylle måla. EU-kommisjonen foreslår ein avgrensa åtgang til å bruke utsleppsrettar frå EUs kvotehandelsystem til å oppfylle landa sine mål for ikkje-kvotepliktige sektorar. Dei landa kor utsleppsreduserande tiltak kostar mest vil få størst åtgang til å bruke slike utsleppsrettar.  EU-kommisjonen sitt forslag inneber også ein avgrensa åtgang til å bruke visse kredittar frå skog- og arealbrukssektoren. Denne åtgangen er kopla til landa sine utslepp frå jordbruket. Landa med størst utslepp frå jordbruket får størst åtgang til å bruke slike kredittar. Det er bare visse typar kredittar som kan brukast. Kredittar frå den ståande skogen kan ikkje brukast, i motsetnad til kredittar frå nyplanta skog på nye areal. Land som kuttar utsleppa meir enn dei er forplikta til, kan selje utsleppskutta (såkalla AEA-einingar) til andre land.

Utsleppsbudsjett, handheving og sanksjonar

EU-kommisjonen fører vidare systemet med utsleppsbudsjett. Det betyr mellom anna at landa er ansvarlege for utleppa over heile perioden, ikkje berre i målåret 2030. Startpunktet for utsleppsbudsjettet har mykje å seie for klimaeffekten. EU-kommisjonen foreslår startpunkt tilsvarande utsleppsnivået for 2016-2018. Utsleppa skal fortsatt rapporterast årleg, men landa skal først gjere opp for utsleppa kvart femte år.

Det er knytt sanksjonar til dette systemet:  Om ein ikkje etterlever forpliktinga si, kan ein risikere ei auke i si forplikting på 8 prosent av dei utsleppa som overskrider landet sitt utsleppsbudsjett.