Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Evaluering av bistandsadvokatordninga

Justis- og beredskapsdepartementet har motteke ein evalueringsrapport om bistandsadvokatordninga. Evalueringa er utført av Oxford Research i samarbeid med Menon Economics på oppdrag frå departementet.

Formålet med evalueringa var å vurdere om bistandsadvokatordninga fungerer etter hensikta, å evaluere endringane som blei gjort i 2008, og få eit kunnskapsgrunnlag for å vurdere eventuelle endringar.

Bistandsadvokatordninga blei styrka ved endringar i straffeprosesslova i 2008. Oxford meiner overordna at loven virker etter hensikta. Rapporten peiker og på at reformen har auka utgiftane til ordninga. Årleg dekker staten utgifter til bistandsadvokat på om lag 170 millioner kroner.

Rapporten framhevar følgande reformforslag og anbefalingar:

  • Stykkprisregulering på etterforskningsstadiet burde greiast ut
  • Bistandsadvokaten sine oppgåver burde i hovudsak avgrensast til juridiske oppgåver
  • Samordning og grensande ordningar – behov for meir informasjon og kunnskap
  • Større bruk av koordinerande bistandsadvokater
  • Heimel for å avgrense nærvær under hovedforhandling
  • Avgrensingar i retten til bistandsadvokat i den einskilde sak
  • Kontrollfunksjonane i domstolane bør styrkast  

Evalueringa gjev departementet eit godt kunnskapsgrunnlag for å vurdere behovet for endringar i bistandsadvokatordninga.

Les rapporten: Evaluering av bistandsadvokatordningen (PDF)

Til toppen