Evaluering av dei personretta verkemidla i tiltakssonen for Finnmark og Nord-Troms

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Sletting av studielån og Finnmarksfrådraget er mest kjend. No har Vista Analyse sett på effekten av dei personretta verkemidla i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms.

– Vi må utnytte potensialet i nord. Regjeringa har som mål at tiltakssona i Nord-Troms og Finnmark skal vere ein attraktiv region å bu og drive næringsverksemd i. Eg har merka meg at folk som bur i regionen er svært opptatt av at dei personretta verkemidla blir styrka og det er regjeringa allereie i gang med, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Kommunal- og distriktsdepartementet har nyleg mottatt ei evalueringa av dei personretta tiltaka i tiltakssonen i Finnmark og Nord-Troms frå Vista analyse.  Evalueringa peiker på at effektane av ordningane ikkje er så sterke som tidlegare.

Lite kjende

Det kan mellom anna skuldast at verdien av verkemidla ikkje er like høge som tidlegare, som følgje av at dei over tid ikkje har vorte justert årleg for løns- og prisvekst. Nokre av verkemidla er lite kjende, som fritak frå elavgift, lågare skattesats og lågare trinnskatt. Det kan også vere andre samfunnsforhold som påverkar attraktivitet, bulyst og tilflytting til sonen.

– Regjeringa er allereie i gong med nye tiltak for å gjere tiltakssonen meir attraktiv, og eg merkar meg at evalueringa peiker på gratis barnehage som eit godt verkemiddel for å få barnefamiliar til å slå rot i tiltakssona. Dette var eit viktig nytt grep frå regjeringa i årets budsjettforslag og vil bli innført hausten 2023. Neste år vil vi også auke satsen for sletting av studielån, som også er eit viktig tiltak for mange i etableringsfasen, seier Gjelsvik.

Grunnlag for vidare arbeid

Rapporten vil bli ein del av grunnlaget for regjeringa sitt vidare arbeid med nye grep i distriktspolitikken.

– Eg vil ha dialog med aktørane i Nord-Troms og Finnmark om rapporten og om korleis vi saman kan sikre at innsatsen i tiltakssona skal verke betre for å bidra til auka bulyst og folketal i regionen framover, seier han.

For ein barnefamilie med to barn, to vaksne med normal inntekt og samla studielån på 200.000 kroner vil dagens fordelar utgjere om lag 50.000 kroner i året, syner rapporten. Frå 2023 blir det enda gunstigare å bu i Finnmark og Nord-Troms om du har barnehagebarn og høgt studielån. Da vil den same familien få ei auke i sletting av studielånet med inntil 20.000 kroner i året, og frå august spare 56.100 kroner i året om begge borna går i barnehage.

Les rapporten her.