Evaluering av GIEK og Eksportkreditt Norge

Næringsminister Monica Mæland har motteke evalueringa av Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) og Eksportkreditt Norge.

Evalueringa blei satt i gang våren 2017 for å få innblikk i verksemdene si måloppnåing, om ressursbruken er effektiv og om heile det offentlege eksportfinansieringstilbodet fungerer godt. Oslo Economics, BDO og Erik Holtedahl har gjennomført evalueringa på oppdrag for departementet.

- GIEK og Eksportkreditt Norge forvaltar omfattande verdiar, og det er viktig at eksportfinansieringssystemet fungerer godt. Eg har akkurat motteke evalueringsrapporten. Etter kva eg kan sjå viser evalueringa at GIEK og Eksportkreditt Norge blir drifta godt, at verkemidla fører til vesentleg auka eksport, og at dagens eksportfinansieringssystem fungerer etter formålet, seier næringsminister Monica Mæland.

Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å gjennomføre evalueringar av verkemidla departementet forvaltar, for å få informasjon om effektivitet, måloppnåing og resultat. Siste evaluering av eksportkredittordninga (den daverande 108-ordninga) var i 2007 og den siste evalueringa av GIEK var i 2008.

- Vi vil sende evalueringa ut på høyring, slik at alle som ynskjer det får høve til å uttale seg. Departementet vil etter det vurdere funna og tilrådingane og høyringsinnspela, med tanke på vidare oppfølging, seier Mæland.

GIEK og Eksportkreditt Norge tilbyr garantiar og lån til kjøparar av norske eksportvarer og -tenester. I tillegg tilbyr GIEK garantiar for byggjelån og i samband med kjøp av kraft. Dette er viktige verkemiddel for bedrifter som eksporterer kapitalvarer. Eksportfinansieringsordningane er særleg nytta av bedrifter innanfor maritim sektor, som verft og utstyrsleverandørar.

Les heile evaluering her