Eve Vangsnes Bergli er ny direktør i Bufdir
Nyheit | Dato: 07.08.2026 | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa har i statsråd i dag tilsett Eve Vangsnes Bergli som ny direktør for Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
Bergli kjem frå stillinga som assisterande arbeids- og velferdsdirektør i Arbeids- og velferdsdirektoratet.
– Eg er svært glad for at Eve Vangsnes Bergli har takka ja til å leie Bufdir framover. Hennar solide kompetanse og erfaring frå velferdssektoren og store komplekse etatar vil kome godt med i det viktige arbeidet med samfunnsoppdraget til Bufdir, seier barne- og familieminister Lene Vågslid.
Eve Vangsnes Bergli (54) startar i stillinga 1. september i år. Ho er tilsett på åremål for ein periode på seks år.
– Eg vil takke for tilliten og gler meg til å ta fatt på oppgåva. Bufdir har eit stort og viktig samfunnsansvar, og eg ser fram til å jobbe saman med dyktige medarbeidarar både i direktoratet og i heile etaten, seier Eve Vangsnes Bergli.
Bergli er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo og har hatt ei rekke leiarstillingar i Nav, Skatteetaten og Arkivverket. Som Bufdir-direktør etterfølgjer ho Hege Nilssen, som blei tilsett som ny Nav-direktør 1. juni i år. Bente Barton Dahlberg er fungerande direktør i Bufdir fram til Bergli startar 1. september.
Om Bufdir: Bufdir.no | Bufdir
Kontaktinfo for presse:
- Bufdir: media@bufdir.no
- BFD: media@bfd.dep.no