I alle vegprosjekt i framtida, og som er under planlegging no, får ikkje Statens vegvesen eller Nye Veier moglegheit til å bruke bom på sidevegane langs den nye vegen. Samferdselsdepartementet vil òg gå gjennom alle prosjekt som i dag har slike bommar for å sjå om dei kan fjernast.

Dersom særlege høve tilseier bruk av slike bommar, må departementet få vite det på eit tidleg tidspunkt. Departementet vil avgjere dette i kvar enkelt sak.

Endringane vil gjelde frå i dag.