Dei fem fylka får totalt 64,2 millionar kroner for 2. halvår 2019. Tildelinga er fordelt slik:

Hedmark: 10 300 000 kroner
Oppland: 8 520 000 kroner
Hordland: 28 500 000 kroner
Telemark: 7 303 519 kroner
Nordland: 9 600 000 kroner

Tildelingsbeløpa er fordelt etter søknad frå fylkeskommunane.

- Alle fylka skal med

Totalt 13 fylke er no ein del av den utvida TT-ordninga. Dette er ein statleg ordning som kjem i tillegg til TT-ordningar fylka allereie har sjølve. Den utvida ordninga skal, saman med fylkeskommunane sitt tilbod, sikre totalt 200 fritidsreiser for blinde/svaksynte og rullestolbrukarar.

- Vi har eit mål om at alle fylka skal bli ein del av ordninga. På den måten sørger vi for at TT-brukarar med særlege behov får betre tilgang til transporttenester, seier samferdselsministeren.

Med denne tildelinga blir over 4.500 personar ein del av ordninga:

Hedmark: 599
Oppland: 500
Hordaland: 2 458
Telemark: 635
Nordland: 362

Frå neste år skal desse fem fylka få tildeling for heile året.

Les tildelingsbrevet (pdf).