Fleire verksemder gjekk frå deltid til heiltidsstillingar, viser ny rapport
Nyheit | Dato: 26.11.2026 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Heiltidspotten, ei treårig forsøksordning for å auke omfanget av heiltidsstillingar, er avslutta. Evalueringa viser at gjennomsnittleg stillingsstorleik i verksemdene som deltok, auka frå 71,5 til 77,6 prosent. Andelen som arbeidde heiltid, auka med over 10 prosentpoeng, frå 41 til 51,6 prosent.
– Arbeiderparti-regjeringa arbeider for eit trygt arbeidsliv med faste og heile stillingar. Derfor er det gledeleg at Heltidspotten har bidratt til å auke stillingsprosentane og å få fleire i heiltidsjobb, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Heiltidspotten blei innført av regjeringa som ei treårig forsøksordning, med ei samla løyving på 37,8 millionar kroner i perioden 2023–2025. Verksemder med mykje deltid kunne søkje om midlar for å prøve ut ulike prosjekt for å redusere bruken av deltid. Til saman har 17 verksemder med nær 2000 tilsette deltatt, dei fleste innanfor helse- og omsorgssektoren. Andelen heiltid det norske arbeidslivet har generelt også auka dei siste åra, frå 68 prosent i 2015 til 75 prosent i 2025. Auken har særleg skjedd blant arbeidstakarar i helse- og omsorgsyrke.
Forskningsstiftinga Fafo har, i samarbeid med Framlent AS, gjennomført ei følgjeevaluering av forsøksordninga. Heile rapporten kan lesast her.
– Evalueringa av Heiltidspotten viser at mange av verksemdene, særleg i helsesektoren, har lukkast med å auke stillingsstorleiken og andelen heltid. Vi veit ikkje nødvendigvis kor stor effekt kvart enkelt tiltak har, men når verksemdene arbeider systematisk med å byggje ein heiltidskultur, ser vi at det gir resultat, seier Stenseng.
Dei fleste verksemdene som var med i ordninga, innførte langvakter og årsturnusplan. Det er også desse tiltaka som ifølgje rapporten har hatt størst effekt på stillingsstorleiken. Ettersom fleire tiltak blei innførte samtidig, er det vanskeleg å måle effekten av kvart enkelt tiltak. Eit anna hovudfunn i rapporten er at det krev god bemanningskompetanse i verksemdene for å lukkast med å byggje ein heiltidskultur. Tiltaka må byggje på dei konkrete behova i verksemdene, ved at ein ser oppgåver, kompetanse, bemanning og arbeidstid i samanheng.
– No har Arbeiderparti-regjeringa både lagt til rette i arbeidsmiljølova og stimulert til løysingar gjennom Heiltidspotten for meir bruk av heiltid i arbeidslivet. No er det opp til verksemdene, seier Stenseng.
Rapporten frå Fafo gir oppdatert kunnskap om korleis verksemder kan arbeide for å auke andelen heile stillingar. Rapporten peikar på behovet for bemanningskompetanse i kvar enkelt verksemd, og denne rapporten vil i så måte vere eit nyttig bidrag.