Møtet er eitt av fire regionale innspelsmøte som legg vekt på regionale utfordringar, dilemma og moglegheiter for det norske matsystemet. Desse skal haldast i Rogaland 13. november, Innlandet 22. januar og Trøndelag 10. februar. I mai arrangerte utvalet eit større innspelsmøte i Oslo.

Matsystemutvalet vart sett ned våren 2025 av regjeringa Støre, og statsforvaltar i Rogaland, Bent Høie, leier det. Utvalet skal mellom anna kome med råd og tiltak som kan styrke berekrafta i det norske matsystemet og som kan bidra til at det globale matsystemet blir meir berekraftig.

Utvalet skal levere ei utgreiing i form av ein NOU innan 1. november 2026.