Revidert nasjonalbudsjett

Foreslår å auke løyving med 435 millionar kroner for å sikre eit grunnleggjande togtilbod i andre halvår av 2021

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

– Økonomien til persontogselskapa har blitt hardt råka som følgje av at vesentleg færre reisande har tatt toget under pandemien. Vi må ta høgde for at perioden med smittevern og færre passasjerar kan bli lenger enn tidlegare lagt til grunn. Regjeringa foreslår difor å gjere det mogleg å forlengje tilleggsavtalene med togselskapa og auke det statlege kjøpet av persontogtenester, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Då Stortinget i desember i fjor vedtok statsbudsjettet for 2021, blei 4,6 milliardar kroner løyvd til statleg kjøp av persontogtenester med tog. Av desse midlane var 750 millionar kroner sette av for å ta høgde for tilleggsavtaler med togselskapa under pandemien. Eventuelle tilleggsavtaler skulle dekke grunnleggjande tilbod for arbeidsreiser i første halvår av 2021.

Kan vere behov for tilleggsavtaler i andre halvår
Samferdsdepartementets vurdering er at talet på reisande som følgje av smitteverntiltak framleis kan vere for lågt til at togselskapa kan oppretthalde eit grunnleggjande tilbod med ordinært vederlag etter første halvår i år.

Regjeringa meiner det er nausynt å ta høgde for at det kan bli behov for tilleggsavtaler óg i andre halvår av 2021, og foreslår å auke løyvinga til statleg kjøp av persontransporttenester med 435 millionar kroner. Det er uvisse knytt til kor lenge det vil vere behov for tilleggsavtaler.

Eventuelle tilleggsavtaler vil gjelde i ein tidsavgrensa periode og bli avslutta så snart grunntilbodet kan bli dekt innanfor dei ordinære trafikkavtalene med togselskapa.

Som for dei ordinære avtalene om statleg kjøp av persontogtenester med tog, har Jernbanedirektoratet oppgåva med å forhandle om tilleggsavtaler med persontogselskapa.