Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa foreslår auka løyving til koronaråka kollektivtrafikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa foreslår ei auka løyving på om lag 1,5 milliardar kroner til fylkeskommunane, som ein kompesasjon for tapte inntekter frå kollektivtrafikken. Revidert nasjonalbudsjett skal bidra til å ta Noreg trygt ut av koronakrisa, og skal mellom anna få folk i arbeid og til arbeidsplassen.

–Tomme sete på bussar, ferjer og trikkar er eit uttrykk for kor hardt råka kollektivtrafikken er av tiltaka mot pandemien. Trass i endra reisebehov så treng framleis mange eit påliteleg kollektivtilbod, mellom anna for å ta seg fram til jobb og skule. Det følgjer regjeringa no opp, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

– Reduserte billettinntekter og færre passasjerar gjer situasjonen for mange fylkeskommunar utfordrande. I unormale tider er det viktig at kritisk transporttilbod går som normalt. Difor foreslår regjeringa å auke kompensasjonen for tapte inntekter for fylkeskommunane med om lag 1,5 milliardar kroner, seier Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

I statsbudsjettet for 2021 er det løyva 1,25 milliardar kroner retta mot kollektivtransporten. I samband med revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa i tillegg å auke løyvinga med om lag 1,5 milliardar kroner til fylkeskommunal kollektivtransport. Dette vil gi fylkeskommunane handlingsrom til å halda oppe kollektivtilbodet i andre halvår av 2021

Viss Stortinget sluttar seg til forslaget frå regjeringa, kan fylkeskommunane i 2021 få om lag 2,75 milliardar kroner til den fylkeskommunale kollektivtransporten.  I tillegg er det frå før av i 2021 løyvd 950 millionar kroner i skjønnstilskot til fylkeskommunane. Desse er ikkje delte ut enno.

Pandemien har ikkje stansa kollektivtrafikken

Regjeringa har stilt opp for kommunesektoren under heile pandemien. Fram til no har fylkeskommunane fått utbetalt over 5 milliardar kroner i kompensasjon for tapte billettinntekter. Som ein konsekvens av dette har det heller ikkje vore nemneverdige rutekutt i fylkeskommunal kollektivtransport under pandemien. Det er uvisst kor lenge det vil vere behov for ekstra midlar til å dekke tapte billettinntekter. Det fylkeskommunale kollektivtilbodet består av buss, fylkesvegferjer, snøggbåtar, T-bane, bybane og trikk.                                        

Meir i tilskot til ekspressbussar og båtruter

Virussituasjonen og smitteverntiltaka førar til ein usikkerheit rundt inntektsgrunnlaget hos ekspressbussnæringa og dei som operer båtruter. Difor foreslår regjeringa å auke løyvinga med 27,7 millionar kroner for å vidareføre tilskotsordninga mot siste halvdel av året. Frå før er det løyvd 100 millionar kroner til ordninga i 2021.

– Ein viktig del av transporttilbodet til folk blir borte når kommersielle ekspressbussar står stille. Difor er eg glad for at vi kan auka løyvinga, slik at sjåførar og operatørar kan halde fram med å gjere det dei er gode på når kvardagen gradvis kjem tilbake att. Nemleg å transportere folk på ein effektiv og trygg måte til ulike destinasjonar. Enten det er på fjellet, langs fjordane, frå bygd til by og mellom byar, seier Hareide.

Faktaboks:

  • På Avinors lufthamner falt talet på passasjerar med 91 prosent frå april 2019 til april 2020.
  • Buss, båt, trikk, t-bane og tog. Alle transportformer i kollektivtransporten hadde ein stor reduksjon i passasjerar.
  • Om lag 55 prosent færre tok kollektivt i andre kvartal av 2020 samanlikna med 2019. Nedgangen var størst for jernbanen, med 60 prosent færre passasjerar.

Kjelde: Nasjonal transportplan 2022–2033.