Foreslår endringar i prisreguleringa av fjernvarme
Nyheit | Dato: 08.10.2026 | Energidepartementet
Energidepartementet foreslår fleire endringar i prisreguleringa av fjernvarme. Forslaget tilpassar prisreguleringa til dagens varme- og straummarknad og sørgjer for at ho fungerer som eit godt rammevilkår for fjernvarmebransjen, samtidig som kundane blir verna mot urimelege prisar. Forslaget er no sendt på høyring.
– Fjernvarme utgjer ein viktig del av energisystemet, og bidreg til å avlaste straumnettet. Regjeringa er oppteken av å bidra til føreseielege rammevilkår for fjernvarme, og samtidig ivareta kundane som brukar fjernvarme, seier energiminister Terje Aasland.
Formålet med prisreguleringa er å verne kundane mot at fjernvarmeleverandørane utnyttar posisjonen sin og tek ein urimeleg høg pris. Prisreguleringa har i hovudsak vore uendra sidan ho vart innført i 1987, men samtidig har energimarknaden gått gjennom store endringar. Departementet meiner derfor at det er behov for ei oppdatering av regelverket.
Forslaget inneber i hovudsak ei vidareføring av dagens maksimalprisregulering av fjernvarme. Samtidig blir det foreslått å tydeleggjere fleire forhold, mellom anna kven som blir omfatta av reguleringa og korleis maksimal tillaten fjernvarmepris skal bereknast. Det blir også foreslått at det kan inngåast tidsavgrensa avtalar som avvik frå prisreguleringa, til dømes fastprisavtalar.
Departementet foreslår også ein ny regel for å sikre at fjernvarmeleveransen mellombels kan halde fram ved ein eventuell konkurs hjå ein fjernvarmekonsesjonær.
Forslaget inneber endringar i energilova og energilovforskrifta. Departementet tek sikte på at dei foreslåtte lov- og forskriftsendringane trer i kraft 1. januar 2028.
Høyringsfristen er 8. desember 2026. Departementet ber om at høyringsfråsegner blir sende elektronisk ved bruk av den digitale løysinga på regjeringa.no.