Innspelsmøte om forslag til endringar i prisreguleringa av fjernvarme
Nyheit | Dato: 19.10.2026 | Energidepartementet
Energidepartementet inviterer til innspelsmøte om forslaget til endringar i prisreguleringa av fjernvarme, som blei sendt på høyring 8. oktober 2026.
Formålet med møtet er å gi aktørar som har interesser knytte til forslaget høve til å kome med innspel til dei foreslåtte endringane. Deltakarane vil få anledning til å presentere synspunkta sine for departementet i innlegg på inntil tre minuttar per organisasjon.
Statssekretær Snorre Erichsen Skjevrak vil vere til stades på møtet.
Tidspunkt og påmelding
Møtet er tysdag 3. november 2026 kl. 14.00-16.00 på Nationaltheatret Konferansesenter (Haakon VIIs gate 9) i Oslo. Dei som ønskjer å delta på innspelsmøtet må melde seg på ved å sende e-post til heidi.lundberg@ed.dep.no innan torsdag 29. oktober. Dei som ønskjer å halde innlegg må gi beskjed om det ved påmelding. Dei som ønskjer å bruke Powerpoint-presentasjon i innlegget sitt, må sende presentasjonen til heidi.lundberg@ed.dep.no innan måndag 2. november kl. 12.
Høyring
Skriftlege innspel til høyringa er den viktigaste måten å gi innspel på. Innspelsmøtet er eit supplement for dei som ønskjer å utdjupe synspunkta sine. Skrifteleg innspel til høyringa kan leverast her fram til 8. desember: Høring av forslag til endringer i energiloven og energilovforskriften om prisregulering av fjernvarme med mer - regjeringen.no