Regjeringa foreslår å starte opp prosjektet Bergen–Fløen og Nygårdstangen godsterminal innanfor ei kostnadsramme på drygt 4 milliardar kroner. Ved å inngå kontrakt med entreprenørar hausten 2021 og starte anleggsarbeida tidleg i 2022, er det mogleg å framskunde gjennomføringa av prosjektet. Utgifter til prosjektet i 2021 skal dekkast innafor gjeldande løyving til jernbaneformål.  

Betre togtilbod, betre driftsstabilitet og auka kapasitet

Etter planen skal prosjektet vere ferdig i 2025. Det vil då vere samanhengande dobbeltspor frå Arna til Bergen stasjon. Dette gjer det mogleg å gå frå halvtimesruter til kvartersruter for lokaltoga mellom Bergen og Arna. I tillegg bidrar prosjektet til betre driftsstabilitet for person- og godstogtrafikk ut og inn av Bergen.

Styrkjer konkurransekrafta til godstransport på bane

Nygårdstangen godsterminal er Noregs nest største, etter Alnabru i Oslo. Moderniseringa vil gi ein meir effektiv terminal, lågare kostnader for godstransport, høgare kapasitet, og det vil ta lengre tid før kapasitetsgrensa blir nådd.  

Moderniseringa av Nygårdstangen gjer den i realiteten til ein heilt ny godsterminal, som vil kunne handtere om lag 50 prosent meir gods enn i dag. Meir effektiv terminaldrift legg òg til rette for lågare kostnader for godsselskapa, slik at konkurransekrafta til klimavennleg godstransport på jernbane blir styrkt, seier samferdselsministeren.  

Om prosjektet

Prosjektet Bergen–Fløen og Nygårdstangen godsterminal omfattar 1,3 km med nytt dobbeltspor frå Fløen til Bergen stasjon, oppgradering av eksisterande spor med nytt jernbaneteknisk anlegg, nytt signal- og sikringsanlegg, togparkering, og modernisering av Nygårdstangen godsterminal med auka kapasitet og tilgjenge.

For fleire opplysningar – sjå:

Prop. 193 S (2020-2021) Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak og jernbane