Forlenga åremål for Rieber-Mohn

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Libe Rieber-Mohn får forlenga åremål som direktør i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi). Ho blei utnemnd i statsråd fredag.

– Libe Rieber-Mohn har gjort ein svært god jobb i den første åremålsperioden sin i ein krevjande periode for IMDi. Ho er ein trygg leiar, har faglig autoritet og solid rolleforståelse, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Rieber-Mohn har leia IMDi gjennom omorganisering og krise. Krigen i Ukraina har gjort at kommunane har takka ja til å busetja historisk mange flyktningar på anmodning frå IMDi.

Libe Rieber-Mohn, direktør IMDi
Foto: IMDi

– Eg ser fram til å fortsette det viktige integreringsarbeidet saman med mange dyktige medarbeidarar i IMDi, seier Libe Rieber-Mohn. 

Libe Rieber-Mohn utdanna cand.sociol. ved Universitetet i Oslo. Ho har vore direktør for IMDi sidan 2016. Rieber-Mohn har tidlegare mellom anna vore varaordførar og gruppeleiar for Arbeiderpartiet si bystyregruppe i Oslo og statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Åremålet er seks år.