Historisk arkiv

Fornøgde med hjelp til å meistre kvardagen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Brukarar meir fornøgde med støtte til å gjere ting sjølv, enn at nokon gjer ting for dei. Det kjem fram i ein ny rapport om kvardagsrehabilitering.

47 kommunar har tatt del i eit treårig prosjekt for utprøving av modellar for kvardagsrehabilitering i Noreg. Evalueringa av prosjektet viser at slik rehabilitering har betre effekt enn vanlege heimetenester på fleire områder. Brukarar som har fått kvadagsrehabilitering er meir fornøgde med daglege aktivitetar, fysisk funksjon og helserelatert livskvalitet enn brukarar som ikkje har fått denne rehabiliteringa. Prosjektet viser at standardtenester og kvardagsrehabilitering kostar om lag like mykje i eit seks månaders perspektiv, men at helseeffekten er større ved rehabilitering.

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod i heimen, hovudsakeleg til eldre som strevar med å meistre daglege gjeremål på grunn av sjukdom eller skade. Målet er å støtte dei til å ta i bruk eigne ressursar for få attende og oppretthalde funksjonsnivået. Kvardagsrehabiliteringa vert lagt opp etter brukaren sine behov, ressursar og mål. Det viktigaste resultatet er at brukaren meistrar daglegdagse gjeremål og opplever auka livskvalitet. Eit anna resultat av kvardagsrehabilitering er redusert behov for hjelp både på kort og lang sikt.

Rapporten som er laga av Senter for omsorgsforskning Vest i samarbeid med CHARM blir lagt fram på ein nasjonal konferanse om habilitering og rehabilitering 19.mai. Det er Helse- og omsorgsdepartementet som har bestilt evalueringa

Les rapporten på Omsorgsforskning sine nettsider